tysdag 14. oktober 2008

Eit bord frå Phillip Toledano

Eg var nyleg gjort kjent med arbeida til den 40 år gamle fotokunstnaren Phillip Toledano, som med enkle knips og manipulasjonar både underhaldar mi meir smaklause sider, og uttrykkjer meir enn ord.Det var via Boing Boing eg vart kjend med hans nyaste verk - America the Gift Shop, ein fotografisk reise gjennom kitsch suvenirar frå dagens "krigsherja" Amerika. Og då var det først og framst dette bordet eg såg, og som ein liten del av meg eigentleg hadde lyst på.
Som Boing Boing òg påpeiker så kan ein lett sjå at biletet er delvis inspirert av arbeidet til Allen Jones og andre. Koplinga mellom sadomasochisme, kunst og grove overgrep som dei som fann stad i Abu Ghraib er ganske mektig om ein først sett seg ned og tenkjer gjennom det. Det er ein av dei delene av den menneskelege psyke eg finn vanskeleg å forstå, og som eg kanskje ikkje har lyst til å forstå? Berre observere, undre... og kanskje nyte?

For dei som vil sjå noko mindre politisk av Phillip Toledano kan eg anbefale Phone Sex, som er fotografi av telefonsex-operatørar i lag med ein kort presentasjonstekst der dei forklarar kvifor dei gjer som dei gjer. Eg trur det vil både glede og forundre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar