torsdag 2. oktober 2008

Flytryggleik og slikt

Eit stadig like fascinerande tema dei siste åra er flytryggleik. Det eine tiltaket etter det andre som skal skape ein illusjon av tryggleik vert iverksatt, med den framste effekten at dine reiser vert mindre komfortable og meir stressande... utan eigentleg å gjere deg så mykje tryggjare. Når eg skal ut og reise tar eg difor alltid tid til å undersøkje kva nye tiltak og idear som har dukka opp, denne gongen gjekk mine auge til Gatwick Airports Frequently Asked Questions. Og som alltid lurar eg litt på kven som spør om desse tinga ofte, som til dømes;
"How can you assure me that there will be no terrorists on my plane? I would also like to know what checks you make on all the staff working at the airport – how do you know there are no terrorists working in security? Or smuggling bombs on planes via the food that is put on to the planes?"
Dette fulgte eit spørsmål om korvidt ein kunne ta med bryllupskjolen ombord i flyet. Svaret på det var sjølvsagt at det var fare for krølling, men at det var lov.

Det er jo kjekt å kunne lese at dei gjer alt dei kan for å lukke ut slemme (skjeggete?) terroristar frå både passasjerar og stab - eg reknar med dei har ein terroristdetektor ein eller annan stad. Derimot vart eg uroleg for kva dei faktisk slepp ombord utan spørsmål;
"Can I carry my homeopathic medication, which is in liquid form, in my hand luggage? Yes, up to 100ml and if this is essential for the trip. Be aware that it will have to be screened by X-ray though."
Eg veit ikkje korleis det er med dykk andre... men eg vil helst ikkje sitte på flyet ved sida av ein homøopat, eller nokon som trur på det. Dei virker så ustabile... og dersom det er noko i det dei seier, så kan det jo vere spor av eksplosiver i det vatnet der, og eg stoler ikkje på at dei dukker opp i røntgenmaskina på flyplassen. Ein har jo aldri funne spor av noko som helst anna i homøopatisk vatn med noko anna måleapparat. Det er skummelt det.

Heldigvis har vi lov å ha med eit musikkinstrument i tillegg til handbaggasje, simpelthen for å roe nervene. Eller hypnotisere new agere.

6 kommentarer:

  1. Ah. "Dette vannet er fra en sjø i Dresden. Det husker fortsatt godt hvordan man eksploderer!"

    Du glemte forøvrig overskrift.

    SvarSlett
  2. Homøopatisk sprengstoff er ein skremmande tanke, eller kva?

    Beklagar manglande overskrift, eit resultat av travle dagar på jobb. Det skal fiksast umiddelbart.

    SvarSlett
  3. Det virkelig interessante spørsmålet her er jo hvilke egenskaper røntgengjennomlysingen påfører det homøopatiske vannet? Kanskje er vi på sporet av et nytt panacea?

    SvarSlett
  4. Kanskje røntgengjennomlyst vatn kan gjere ting gjennomsiktige? Det hadde vore noko det? :-D

    SvarSlett
  5. Jøss, jeg visste ikke at det var så mange som hadde med seg homøopatisk medisin på flyet?

    SvarSlett
  6. Vel, Stina, heldigvis var det ikkje nokon denne gongen. Eg fulgte nøye med på folks vatn... ;-P

    SvarSlett