laurdag 25. oktober 2008

Flekkete tissemann

Ja, tissemann, eller kuk om du vil, med flekker, det er noko for seg sjølv det. Då eg var i Londinium hadde eg den usedvanlege gleda av å sjå to vakre kvinner dele ein sådann, og eg må innrømme at eg fniste. For berre i England anses det som normalt at ein bestilling av spotted dick er noko som skal delast av to, og då helst av to jenter. Det var... ikkje lite interessant å sjå dei stappe den i munnen...
Vi fniste vel alle saman, og eg trur det var velsmakande. Vi andre rundt bordet fornøya oss med mindre velsmakande vitser. Det er strengt tatt framleis morosamt.

Eg fnisar i alle fall framleis.

Takk til Lady Mju for biletet.

2 kommentarer:

  1. Må innrømme at dette her var litt vel under det nivået vi har vent oss til med innlegga dine. Kan det tenkjast at knokkelklanginga stel litt for mykje av kreativiteten din?

    SvarSlett
  2. Det er som du veit mykje som stel av tida mi, og eg var diverre altfor travel så då vart det naudblogging. Slår sterkt attende i morgon... satsar vi på ;-)

    SvarSlett