torsdag 2. oktober 2008

Har budstikka snudd?

Som dette biletet, knabba frå spesiell.org, viser, så er det lite som kan halde attende pandaenes frammarsj. Sjølv teikna bilete av pandaer er i stand til å gjere fysisk skade på sine omgjevnadar. Det er snart på tide at den allmenne befolkinga i vårt dyrbare land vaknar opp til den farefulle situasjonen vi er i. Pandamonium er på frammarsj. Ikkje nok med at dei i somar har korrumpert våre unge med denne propagandafilmen om ein "vennleg" kung fu panda, i november vil òg oppfølgjaren kome på DVD. Her turar med andre ord Pandamonium fram, og den fjerde statsmakt - vår kjære presse - er velvillige nikkedukker for Pandaenes komande terroregime.

Det er difor opp til kunstnarar og fritenkjarar å få ut bodskapen, og varsle folket om kva som skjer. Dette er ikkje lett når media er mot oss, og freistar å undertrykkje vår ærerike kamp.

Men avogtil... så ser eg eit von om betre tider. Slik som no, når den gamle, konservative budstikka Aftenpoften har gått ut og tatt stilling til kampen mot Pandamonium. Og overraskande nok har dei valt å ta side med menneska denne gongen. Aftenpoften er ikkje uskuldige, dei har publisert mang eit stykke propagandearbeid for Pandamonium, og vil nok halde fram med det. Det som gjer meg så oppglødd er at dei har byrja eit samarbeid med dei to anti-panda krigarane som går under namnet Wullfmorgenthaler. Dei to har lenge avslørt Pandamonium sitt sanne andlet i sine teikneseriestriper, som har stadig vaksande popularitet i Danemarken. Og eg har fulgt dei med stor glede, og er henrykt over at deira bodskapen no skal gå ut i budstikka Aftenpoften. Aftenpoftens eigen kommentar til Pandamoniums rolle i stripane, er sjølvsagt forsiktig og prøver å dytte under teppet det sannferdige i bodskapen;
Dessuten figurerer noen særdeles politisk ukorrekte pandaer i serien. De er onde.
Hittil har såvidt meg bekjent budstikka Aftenpoften berre trykt ein av dei avslørande stripane, der ein fokuserar på pandanes motvilje mot å ha sex med kvarandre og nekte å vidareføre arten - slik meir sinnsfriske, og mindre megalomane, artar gjer.
Vi vonar dette berre er det første av mangfaldige avslørande teikningar som kjem på trykk i budstikka Aftenpoften, og vi vonar likeeins at dette tiltaket vil hjelpe folk med å forstå kva trugsel vi står overfor.

Pandamonium må bekjempast. Før det er for seint!

(Takk til Lady Mju for tips, og gratulerar med dagen til Kikki ein dag på førehand, saman i strid)

5 kommentarer:

  1. Takk til Janne for bilettipset!

    SvarSlett
  2. Pøh! Skal eg liksom takke deg for å ha skremt meg med Pandabilete?! :-o

    SvarSlett
  3. Du ba då om lenken, kar. Så her kan du ikkje kome å late som om du vart skremd i etterkant.

    SvarSlett
  4. Du sendte meg jo biletet først då... tullejente!

    SvarSlett