tysdag 21. oktober 2008

Ikkje akkurat flytryggleik...

Som eg tidlegare har vore inn på, så er flytryggleik alltid i fokus når ein er ute og reiser. Alt skal vere så trygt som det kan. Ein tar alskens førehandsregler for at vi som passasjerar ikkje har med oss noko vi i teorien kan bruke til å skremme kabinpersonalet eller medreisande. Vår baggasje, og vår corpus, vert sjekka i detalj, inspisert, gjennomlyst og tafsa på.

Alt for å gjere reisa vår trygg.

Men eg ber deg, for all del, ikkje føl deg altfor trygg, for feil kan skje. Ja, det hender jo at farlege folk kjem ombord med farlege sko, eller nokon klarar å snike med seg medbragt drikke ombord på flyet. Ingenting er bombesikkert. Ein skal ikkje alltid stole på at kabinpersonalet er heilt rett bevart heller. Så her er mitt råd for dagen. Ta ein kikk på biletet og hugs - når flyet har landa, og det er på tide å stige av, ikkje følg blindt retninga dei gjev deg. For openbart hender det at dei opner døra på feil side av flyet...

... og det trur eg snøgt kan verte eit smertefullt fall.

4 kommentarer:

  1. Pfft, de skulle bare lufte litt!;)

    SvarSlett
  2. Korleis veit du det?
    Var du på flyet kanskje?
    Kva har du gjort no frøken?
    Kvifor måtte dei lufte ut fordi du var på flyet?!

    SvarSlett
  3. Oj, jeg tenkte bare praktisk jeg. Selv om du insinuerer veldig mye rart...

    SvarSlett
  4. Eg berre stiller openbare spørsmål eg...

    Skal du reklamere for Knokkelklang no då? Hæ? Hæ? ;-D

    SvarSlett