onsdag 22. oktober 2008

Kling Klang, Knokkelklang!

Boom! Pang! Kablam!

Og denslags.

Fyrverkeri er på sin plass, for eit nytt tidsskrift er fødd! Eit tidsskrift full av knokler, Victoriana og raritetar. Ja, alt du eigentleg treng for å overleve i ei trist verd som skyr kniplingar, tweed og ekte kalde gys.

Vi kallar herligheta Knokkelklang, fordi det klinger så vel. Og dei ansvarlege burde i stor grad vere kjend for dei som les her. Vi er ført an av Arnfinn Pettersen frå Den Tvilsomme Humanist og Norsk Selskap for Drontens Fremme, som då har samla saman ei forsamling som består av Bjørn Are Davidsen frå Dekodet, Didrik Søderlind frå... vel, over alt - men først og framst Playboy - og så sjølvsagt mullaens andre personlighet.

I det første nummeret, som sleppast i dag, kan du heilt gratis lese om kva som eigentleg skjedde med Beatles, om vampyrar, naziporno og druider. Samt eit dikt og eit intervju.

Som sagt, så treng du eigentleg ikkje meir. Så spring vidare - mot KNOKKELKLANG!

Og hugs; vi likar at du gjev oss gratis reklame. Så spre ordet til dine venner og uvenner, send det på mail eller blog om det - kva enn du gjer! Send oss nye lesarar!

6 kommentarer:

  1. Da har jeg gjort min del av reklamen.

    Storartet tiltak. Minner om den manglende, mer humørfylte, halvdelen av Skepsis etter at vi sluttet som papirtidsskrift...

    SvarSlett
  2. Takkar og bukkar. Vi vonar vi skal halde oppe det gode humøret.

    Men det er vel ingen grunn til å ikkje spre litt godt humør i Skepsis òg, vel? ;-D

    SvarSlett
  3. Vi skeptikere trenger vel litt humørinnsprøytning nå som Aud Steinsbekk har fått kongens fortjenestemedalje.

    SvarSlett
  4. Det høyrdes no ekstra trist ut... men så har jo kongen alltid vore litt tullerusk.

    SvarSlett
  5. Asbjørn: Noe av hensikten er nettopp å fylle hullet etter marginalia-delen i gamle Skepsis. Det er den delen av skeptikervirksomheten som ligger mitt hjerte nærmest. Samtidig er det en tilnærming som har funnet et naturlig hjem på kjelleren og på Absalong, så det synes som en god idé å forsøke å lage en skriftlig versjon.

    Og nå må snart noen i gang og begynne planleggingen av nummer to.

    SvarSlett
  6. Eg har allereie byrja å gruble på usmaklighetar til neste nummer ;-P

    SvarSlett