måndag 27. oktober 2008

Leia, slik dine fantasiar såg henne

Dette er Star Wars slik du har aldri har sett det, men alltid har fantasert om det. Ein ekte guttedraum er det vi ser. Leia i sitt slavekostyme, fleire Leia i ditto kostyme. I gang med dette mest mystiske, og besnærande av feminine systerritual - putekrigen. Dette biletet har gått sin sigersgong på nerdeblogger verda over, og eg klarar ikkje å la vere å ta det med eg heller. På tross av stor personleg fare for å verte stempla som ein kvinneundertrykkande mannsjåvinist.

Dette er ein fare eg medvite trosser fordi biletet er ein ypperleg kommentar på Star Wars nerdens mentale prosesser. Du kan samanlikne han med ein siklande Jabba, som sitt på tronen... og alt han vil ha, er Leia i sitt slavekostyme. Dansande. Svingande. Hoftevrikkande.

Ja, det er lett å forstå kvifor Jabbanerden saliverar der han sitt. Det er noko sublimt over Leia i slavekostymet... og desto meir vert dette biletet tatt på nerdekonferansen DragonCon i 2006. Og om det ikkje var nok, så finn du heile fotoserien her.

(Takk til jbq for tips)

19 kommentarer:

  1. Ja, du har no alltid vore litt spesiell ;-)

    SvarSlett
  2. Jeg ser for Leia i en av disse....
    http://fishki.net/commentall.php?id=43219

    SvarSlett
  3. Uhm... du er eit forstyrra ung mann, Sigurd. Kva seier raudstrømpane i partiet ditt til dette? ;-)

    SvarSlett
  4. Der var det jammen eit par ganske glimrande t-skjortemotiv blant ei rekke heller... smaklause. Men eg ville no heller sett Starbuck i ei slik skjorte enn Leia, men det er no meg. Ein grunn til at Leia hadde bikini i metall. Zing!

    SvarSlett
  5. Eg trudde metallet var uttrykk for Nerdejabba sitt fetisj for fantasybabes eg ;-P

    SvarSlett
  6. Det kan så være, men eg trur likevel Starbuck hadde teke seg betre ut i ei stram t-skjorte...

    SvarSlett
  7. Originale Starbuck då kanskje? *knegge*

    SvarSlett
  8. Whatever, smartypants, way å spolere at eg faktisk brukar BSG som eksempel i ei positiv vending ;-)

    SvarSlett
  9. Hehe, trur du eg har tenkt å la deg sleppe unna med slike ukarakteristiske referansar? ;-)

    SvarSlett
  10. Næ, eg hadde nesten blitt skuffa om du hadde. Men det er sjølvsagt Katee Sackhoff eg siktar til.

    SvarSlett
  11. Deg om det, gamle ørn. Eg trur ikkje ho treng ei t-skjorte for å optimalisere objektiviseringa av seg sjølv. Ho har klart det ganske bra utan så langt ;-)

    SvarSlett
  12. Det er heilt sant. Saman med Tricia Helfer og Grace Park greidde ho å stilla opp på denne biletserien: http://newfilmdimension.com/2008/05/20/girls-of-battlestar-in-interview-magazine-x6-mq/

    Ai ai.

    SvarSlett
  13. Her slår vi eit kraftig slag for kvinnesaka gitt ;-D

    SvarSlett
  14. Den unge Carrie Fisher hadde nok tatt seg heilt greit ut i ei trang t-skjorte ho òg. Dei som ikkje trur det bør vel eigentleg sjå episode iv ein gong til.

    SvarSlett
  15. Det var aldri nokon som meinte at ho IKKJE hadde sett bra ut, berre at Starbuck hadde kledd den looken betre..

    SvarSlett
  16. Leia i den fine kvite drakta i episode IV er sublim... på ein fullstendig ikkje-objektifiserande måte sjølvsagt ;-)

    SvarSlett