torsdag 9. oktober 2008

Litteraturfestivalen knekk under press

Oppvakte lesarar av denne lille blogg har kanskje allereie fått med seg at Norsk Litteraturfestival under ein pressekonferanse i dag trakk attende invitasjonen av Holocaustfornektaren David Irving til fjorårets festival. Han var invitert, i all smaklaushet, til å halde foredrag om Sanning. Dette var det fleire av oss som kasta oss over, ikkje minst venn Arnfinn den Tvilsomme Humanist, der vi mellom anna fekk demonstrert korleis monomani kan spore av ein kvar debatt.

Det var difor vi med eit lite flir i dag kunne motta nyhenda om at David Irving ikkje skulle kome likevel. Då fulgte det sjølvsagt at mannen bak det heile, Stig Sæterbakken, òg trakk seg som kunstnerisk leiar for festivalen. Dette med ein indignert tone som tyder på at han framleis ikkje har forstått kva ytringsfridomen handlar om. Folks protest mot Irving handla jo sjølvsagt om at ein ønskte å kneble han, og å undergrave ytringsfridomen hans. Ja, faktisk, det heile er eit symptom på ytringsfridomen sine dårlege levekår her i landet. Ytringsfridomen har kanskje dårlege kår her i landet, men det var aldri eit spørsmål her - ein må jo forstå forskjellen på å la nokon snakke, og å gje dei ein ropert og ein plattform.

Men for all del, dette endte jo greit... eller gjorde dét det? Eg kjenner meg brått snytt. Vi hadde noko bra på gong her no. Eg var indignert, og festivalleiinga stod samla og var vrang. Vi hadde eit krangletema som kunne vare heilt fram til mai neste år, kor bra hadde ikkje det vore? Vi er definitivt snytt her. Og det er noko litt ubehagjeleg å sjå festivalleiinga gje etter for litt press, er det ikkje? Er det alt som skal til for at dei skal ta ei bråvending? Berre for nokre dagar sidan gjekk dei ut i pressa og sa det ikkje var aktuelt å ta invitasjonen attende. Ikkje mykje til prinsippfasthet her, altså. Faktisk... om ein ser vekk i frå at det opphaveleg var festivalen som gav Irving ein plattform, så krenkar dei jo ytringsfridomen hans ved å ta den attende. Dei tar frå han talerøret sitt? Ser de?

Altså; ein mann har ein ropert. Han har tenkt å bruke den til å spre sin bodskap. Denne roperten vert tatt frå han; han vert sensurert! Hans ytringsfridom er krenka.

At det var dei same aktørane som hadde lova han denne roperten ignorerar eg akkurat no. Eg vil vere indignert! Eg var ikkje ferdig med det. Fy på litteraturfestivalen, dei har knebla David Irving og gjett etter for press.

Pyser. Må ikkje tru at de slepp unna, er de så dumme å invitere han, så kjem eg til å vere indignert aldri så lenge - sjølv om eg må vere kreativ når det gjeld årsaka.


----------------
Now playing: Death in June - Rose Clouds of Holocaust
via FoxyTunes

7 kommentarer:

  1. Å fornærme millioner med Muhammed-tegninger, det er greit, og da skal det hamres inn at ytringsfriheten er viktigere enn alt annet i media, blogger og kjedemailer. Men nå er det plutselig ikke OK å ytre seg lenger?

    Når det er sagt syns jeg litteraturfestivalen gjorde et pussig valg i utgangspunktet.

    SvarSlett
  2. Ytringsfridom er eit vanskeleg tema unge Padawan. Difor vi alltid må drøfte det.

    Eg meiner, men ikkje alle er samd i meg, at det er stor forskjell på denne saka og saka om Mohammadteikningane. Eg meiner at du har rett til å fornekte både Holocaust og å teikne så mange karikaturar av Mohammad som du berre vil. Det slår berre attende på deg sjølv.

    Vi andre derimot; har ingen plikt til å trykke teikningane, eller gje deg ein mikrofon for å vrøvle.

    Så var det forskjellen på dei to då; eg var i mot trykkinga av Mohammedteikningane i fleire av tilfella der det vart gjort. Ikkje fordi dei var blasfemiske, men fordi dei vart trykt for å provosere fram strid: "Hei - æddabædda, sjå kva vi gjer!". I seg sjølv var teikningane uinteressante og lite morosame, men å bruke dei som eit kulturelt våpen er krenkande.

    Når det gjeld Irving, så er eg tilhengjar av å la han tale så mykje han vil, og eg meiner forfølgjinga av han, samt dommen mot han, er urimeleg og eit brot med ytringsfridomen. Det tyder ikkje at eg vil gå god for at nokon gjev han mikrofonen. Ein har eit "redaksjonelt" ansvar for kven ein lar tale på sine arrangement, det er greit å invitere meiningsmotstandarar, men det må skje under langt meir ordna forhald enn dette. Særleg med eit så betent tema. David Irving er altfor kontroversiell til at det kunne leie til noko anstendig debatt, og no var det heller ikkje debatt som stod på programmet - men foredrag.

    Så eg gjentar; eg forsvarar hans ytringsfridom, men eg meiner det er uansvarleg å gje han ein mikrofon på ein norsk litteraturfestival. Særleg under overskrifta "Sanning".

    Til slutt vil eg berre påpeike at eg lar meg underhalde av to kjekke straumingar. Først fekk eg høyre at det var den venstrevridde kultureliten med sine anti-semittiske tendensar som stod bak dette, og her ville det ikkje bli noko protest. Så vart det protest. Og Irving vart trukken. Og no høyrer eg at det er fordi den venstrevridde kultureliten har lagt si klamme hand på ytringsfridomen og ikkje vil sleppe til meiningsmotstandarar av noko slag.

    Eg vert mildt forvirra, og særs underhaldt av denne kultureliten eg.

    SvarSlett
  3. Her trenger man ikke å være kreativ for å finne grunner til indignasjon, eller i det minste grunner for nye mishagsytringer. Festivalledelsen "dreit på draget" x 2. Først når de inviterte Herr Irving, og deretter når de trakk invitasjonen.
    Nå er ikke mullaen så lett-indignert som han ydmykt forsøker å gi inntrykk av, men her er det jo adskillige muligheter for høyt tempererte innlegg og debatter - jeg, for min del, reagerer blant annet på den totale mangelen på mot hos festivalledelsen. Å ikke tørre å ta en debatt selv om man med stor sannsynlighet vil måtte stryke flagg mot slutten, viser mangel på både mot og vilje til økt selvinnsikt - begge deler like lite flatterende.

    Dette er ting jeg kan kjenne meg igjen i =) - ha en fin helg.

    SvarSlett
  4. Som eg skulle ha sagt det sjølv herr Vindbrot. Det irriterar meg at dei var dumme nok til å invitere han, og det irriterar meg at dei ikkje hadde ballar til å kjempe vidare for det dei trur på.

    Alternativt kan ein jo hevde at dei har lært av sine feil og endra standpunkt pga det, og det hadde vore eit teikn på karakterstyrke men eg klarar ikkje å lese det av utsegna deira. Eg les heller nokon som ikkje takla presset deira eigen provokasjon forutsigbart nok førte til.

    Og så er eg irritert over at dei tok frå oss eit bra samtaletema og noko å skrive side opp og side ned om framover. Partypoopers!

    SvarSlett
  5. Problemet var at de ikke egentlig trodde på det de selv sa. Den stadige justeringen av motivene for å invitere Irvinig, peker mot at de ganske enkelt ikke hadde tenkt gjennom saken skikkelig på forhånd. De kunne ikke forsvare sine standpunkter, for de hadde ingen standpunkter å forsvare.

    Ellers er jeg enig i at det er skuffende at de trakk invitasjonen så fort. Nå når vi hadde det så moro ...

    (Og redaktør Kirsti er sur fordi hun har skrevet kommentar om Irving til siste Ny tid. Hun så helst at de hadde ventet til over helgen.)

    SvarSlett
  6. Eg har ingen planar om å slutte å kjefte på festivalen for dette. Eg meiner jo at det er total mangel på ryggrad som demonstrerast ved å gje etter så lett.

    Dei kunne haldt ut litt til før dei gav seg... om enn berre for Kirsti si skuld.

    Eller er eg ein vrang kranglefant no? :-P

    SvarSlett