fredag 3. oktober 2008

London Calling

Kan du høyre det? Storbyens kall! Metropolens forlokkande liv og spaning. Lyden av trafikk, lyden av sirener, lyden av menneske. Den ukuelege lyden av livets vibrasjonar.

Eller noko slikt, eg er ingen poet. Eg er berre på reisefot. Mullaen gjer kosmopolitt av seg, og gjer som så mange andre rettruande - han reiser til imperiets navle; Londinium. Der skal han spre det gode bodskap, mane til strid... og shoppe til plaskortet går varmt.

Kvifor fortel eg dette? Fordi eg ikkje har sjekka om eg har nettilgang dei neste dagane... så om det vert stille, så er det ikkje fordi eventuelle forsura webadministratorar har tatt livet av meg. Det er fordi eg har tatt ein velfortent ferie i metropolen.

Enkelt og greit. Lev vel, folkens. Eg er attende før de anar det!

----------------
Now playing: The Clash - London Calling
via FoxyTunes

2 kommentarer:

  1. God tur!

    Antar du har gode kart og GPS stilt inn på både Forbidden Planet og tillatte pub'er.

    SvarSlett
  2. Pubbing er gjerne høgare prioritert enn nerding i disse dagar... men jommen fekk eg ikkje nerda litt òg ;-)

    SvarSlett