måndag 13. oktober 2008

Minnesdag

For dei av oss med historiske interesser er 13. oktober ein viktig dag å minnast. Det er i år faktisk 701 år sidan fredag 13. oktober 1307, då ein av verdas mest innflytingsrike organisasjonar starta på ein sagnomsust omdanningsprosess. Frå økonomisk og politisk maktsentrum til ein myte med utenkjeleg makt, det er metarmorfosen til dei fattige (men akk så velståande) riddarane av Solomons Tempel, Tempelriddarane. Dei var den første anstendige hæren i Europa, og dei var det første store banknettverket, dei satt på eigedom frå Nord-Europa til Midtausten og hadde innflyting over konger og prinser. Det som byrja som eit oppdrag om å beskytte pilgrimer på veg til Jerusalem var blitt ein organisasjon som rivaliserte dei største kongemakter.

Heilt til fredag 13. oktober 1307, då den franske kongen bestemte seg for at nok var nok. Hans grådige blikk var vendt mot Tempelriddaranes rikdom. Og med seg på laget fekk han Paven som motvillig lot han rette anklagar om kjetteri mot Tempelriddarane. På denne dagen starta arrestasjonane og konfiskering av godsa over heile Frankrike. Og det spreidde seg deretter. Anklaga for å ha dyrka geiteguden Baphomet (AKA Mohammad), for å drive med sodomi og djevelske ritual var det lite håp for riddarane, tilstå og be om tilgjeving, eller gå på bålet. 7 år seinare gjekk den siste stormeistaren Jaques de Molay til bålet, etter å ha gått attende på tilståinga. Med sine næraste allierte som framleis var i livet gjekk han modig til kjetterbålet.

I dag er Tempelriddarane sentrum for all verdas konspirasjonsteoriar frå DaVinci koden til Illuminati. Faktisk så har ingen konspirasjonsteori med respekt for seg sjølv lov til å utelate Tempelriddarane frå "the grand scheme". Utallige organisasjonar, frå Frimurarane til Ordo Templi Orientis, og sjølvsagt IOGT og Tempelriddarordenen hevder, meir eller mindre bokstaveleg, å vere arvtakarar til Tempelriddarane. Og enno fleire organisasjonar vert slengt i same bås av konspirasjonsteoretikarar.

Difor spør eg meg sjølv, slik eg ofte gjer på denne dato: Er kanskje Tempelriddarordenen meir mektig i dag, enn før den vart utsletta? Det er vanskelegare å knuse ei myte, enn ein politisk, militær og økonomisk organisasjon. Tempelriddarordenens fiendar gav den ironisk nok evig liv.

I dag drikk vi til Ordenens ære, og dets ideal. Og får Jaques De Molay, som visste at sortie var minst like viktig som entre. VITRIOL.

2 kommentarer: