laurdag 11. oktober 2008

Ramlande ut av hylla

Eg har ikkje gløymd arkivet folkens, ta det med ro. Av og til kjennast det faktisk som om arkivmaterialet kjem ramlande over meg, berre eg såvidt tar i eit dokument. Så nok ein laurdagsformiddag er nytta for å dra fram godbiter frå arkivet.

Ingen av dei krev stort med kommentarar, men ein liten presentasjon skadar jo ikkje. Inspirert av Unitarius og ein gryande lyst til å skrive meir om ufo-sekter, leita eg fram ein av mine favorittsekter - Raelianarane, og to greie saker om dei. Desse kloneivrige ufo-tilhengjarane kunne for ei stund attende love oss å klone våre kjære kjæledyr for oss, og eg vil så gjerne at dei skulle klone meg ein pus. Seinare gjekk dei same ivrige filantropane i Raelstyrte Clonaid ut med eit tiltak for dei mange kjønslemlesta kvinnene der ute. Ja, no kan dei faktisk dyrke fram nye clitorisar; så kvifor ikkje støtte opp om Clitoraid og adopter ein clitoris...?

Mindre hyggjeleg er det å sjå sine helter falle, slik som i dette tilfellet med Max Wright, den kjende familiefaren frå serien ALF. Eg trur eg lar bileta tale for seg.

Bileta talar eigentleg godt for seg sjølv òg i dette studiet av den gode gamle skuledansen. Og til slutt overlet eg ordet til Adobe, som òg har ein oppklarande illustrasjon til oss.

Om de har kommentarar til enkeltinnleggja, så vonar eg at de legg dei i dei aktuelle innleggja. Bon apetite.

8 kommentarer:

  1. Ah, godt å se noe Arthur Machen i bokhylla di, farr! (B'ee og Maja hilser forresten!)

    Prates, TTTTT

    (PS-Mulig du finner en publikasjon som jeg er med i på Landmark hvis du går forbi der, spør etter "Sognom 4"! Kanskje viser det seg at Ricard Milkyway er en ufin nordlenning du kjenner...)

    SvarSlett
  2. Alle gode heimer burde strengt tatt ha ei moderat samling Arthur Machen, eller kva? Mannens skriveri var sublime.

    Åeh! No fekk eg enno meir lyst til å ha vore i Oslo førre veke.

    (Skal sjå om eg kjem meg innom Landmark og snoka litt... om ikkje vi oversymjast før det då ;-P)

    SvarSlett
  3. Ojoj, der så jeg sannelig herr Algernon Blackwood også... må sannelig komme og studere den boksamlinga di en gang...

    Det var staselige forhold i Oslo ja, men vi får satse på at det kommer flere anledninger til å bli bedugget sammen snarlig...

    Håper dere ikke regner helt bort der nede!

    "Over Bjørgvin Graater Himmelrig"

    TTTTT

    SvarSlett
  4. Godaste Blackwood er òg ein nødvendig del av ein danna heim, veit du.

    SvarSlett
  5. Hahaha, siden vi er inne på temaet... Min "dannede heim" ble nylig eier av Otto Rahn's samlede verker, samt Alveydre's bok om "Agarttha" og en usunn mengde Bulwer-Lytton ;-)

    TTTTT

    SvarSlett
  6. Du anar ikkje kor misunneleg eg er no! Min heim føltes brått langt frå danna, eg har ikkje ei einaste Otto Rahn bok i hylla mi, og eg skammar meg grassalt...

    ... eg har Karl Maria Willigut om det veger opp for eit elles udanna bibliotek? ;-P

    SvarSlett
  7. Weisthor pynter selvfølgelig opp litt ja... Har du kanskje Guido von List til å holde ham med selskap også da?

    SvarSlett
  8. Sjølvsagt har ein von List, runanes løyndom og alt det der. Ein må jo ha dei essensielle ariosofiske tekstene ;-)

    SvarSlett