søndag 26. oktober 2008

Soga om Enjoydiary del 3: Det Glade Vanvidd

Eg er kanskje treig, gjerne litt saktmodig, men eg leverar varene til slutt; så etter mykje mas frå folk og fe, kan eg endeleg halde fram soga om Enjoydiary (ED). For dei som ikkje har fulgt med er det nok best å ta fatt ved byrjinga, frå då eg flytta meg frå Enjoydiary til Blogspot, på grunn av konflikt med administrasjonen, som til slutt tok heilt av. Det var nok av dei som har fått mistanke om at eit eller anna skurrar i administrasjonen på Enjoydiary, og som har bedt meg kome meg fleire detaljar. Dette er noko folk, både på ED og utanfor har kommentert til meg, noko som er særleg risikabelt med tanke på dei nye reglane på sidene der, som nektar brukarar å vere kritiske til administrasjonen. Om du tykkjer dette er merkeleg, så er det heilt logisk om ein sett det i samanheng med nokre av dei tingene som skjedde etter eg vart tvungen ut.

Det var jo ikkje nok for ED sin administrator, Lexidh Solstad, å stenge kontoen min, ho fann det òg nødvendig å IP-blokke maskinene mine, både privat og på kontoret. Kvifor? For å hindre meg i å ha kontakt med andre brukarar? For å kommentere? For å lese det ho evt ville skrive om meg? Her står ein jo sjølvsagt fritt til å spekulere.

Umiddelbart etter at kontoen min vart sletta var det fleire som etterlyste meg, andre kommenterte surt det som hadde skjedd, og fekk naturlegvis åtvaring frå administrasjonen. Eg hadde brudt reglene, og eit kvart spørsmål om kva regler som var brudt var i seg sjølv dissens. Nokre fekk åtvaring eine og åleine for å ha henvist til reglementet. Dei meir frustrerte gav opent uttrykk for sine kjenser, gjerne ved å poste dei omstridte FurteFranz-bileta i sine dagbøker/blogger. Framst blant desse var brukaren Robert, som hadde vore ein aktiv støttespelar til ED i fleire år, særleg på det tekniske. Han la ut samtlege av bileta, med klar beskjed om kva han tykte om situasjonen. Administrasjonen reagerte, og kort etter pakka Robert sakene sine. Han sletta i same omgang EDDR. Eit system han hadde utvikla for brukarane på ED, som dei mindre tekniske kunne bruke til å generere designkoder i HTML for bloggane sine. Naturlegvis fulgte det med eit vassmerke i koden som vart generert av dette systemet, som fortalde kvar det kom i frå, og kven som eigde rettane. Heilt naturleg det.

Men som vi veit, så oppererar Enjoydiary i ein litt anna sfære enn resten av verda...

Kort etter at Robert forlot Enjoydiary, kom "Kattungen" med ei heller merksnodig oppmoding. Kattungen er ein av brukarane på ED som er valt ut til å vere med i Task Force, som hjelp Lexidh med å halde "ro og orden" på staden. I sin blogg skriv ho den 8. september;
Som de fleste sikkert har fått med seg, har Robert ikke bare deaktivert seg fra ED, han har fjernet EDDR i tillegg. Jeg oppfordrer derfor alle som har design fra EDDR til å gå inn på "Egendefinert HTML", "rediger HTML" og fjerne den biten her fra nederst i designet sitt:


< !-- ADVARSEL: OM JEG FINNER UT AT DU HAR FJERNET FØLGENDE BILDE, SÅ VIL JEG BLI SINT DU HAR IKKE LOV TIL Å FJERNE DENNE! //-- >
< href="http://eddr.ipwn.se">< src="http://eddr.ipwn.se/eddr.jpg">< /a >
< !-- Slutt på ADVARSEL //-- >



Jeg gidder ikke "reklamere" for en tjeneste som er fjerna på pur trass.

Det var fleire som stussa litt om denne oppmodinga. Det var jo eit litt merkeleg utspel i kjølvatnet av ein copyrightkrangel, for det vi snakkar om her er jo å fjerne copyrightnotisen til mannen som har laga koden. Eit reint tjuveri med andre ord.

Når folk reagerte, så vart dei blankt avvist. Først av Kattepusen som svarte mellom anna;
Stjele hans kode? Ja, ok. Koden vi har fått fri tilgang på. Da er det ikke stjeling. Jeg har gitt creds så lenge siden er oppe, og gidder ikke det nå mer.
Kvar vart det av spørsmålet om varighet på copyright her mon tru? Korpå Robert skyt inn ein kommentar om at koden er framleis hans, men dette har ikkje noko å seie for Kattungen, hennar respons er enkel;
Som du har latt folk bruke som de vil.
Robert gjer eit tappert forsøk på å klargjere overfor Kattepusen kva som er sakas kjerne;
Vent litt, jeg deaktiverer meg på grunn av at ED kjører litt krasst på copyright-regler, og så kommer dette og gjør dagen min mye bedre. Eller gjør det nå det? Jeg har vel gjerne opphavsrett til alt som er laget av eller gjennom EDDR. Å fjerne taggen er litt som at du piratkopierer Windows eller å fjerne vannmerket på et bilde -- ikke spesielt hyggelig.

Jeg håper virkelig du brenner i ban heaven og at admin setter støvelen i baken på deg eller fjerner designet ditt. Gjerne begge delene om din mening ikke endres.
Kattungen stiller seg like uforståande til argumentasjonen. Tenesten var gratis, og no tilbyr han den ikkje lenger. Då eig han den vel ikkje heller då? Det er vanskeleg å trenge gjennom dette skallet, og attpåtil vel no Lexidh Solstad å trå til med eit av sine gullkorn;
Kjøss meg i ræva Robert.

Forøvrig er kattungen med i taskforce ;P

Ja, det seier vel alt? Det er slik Lexidh møter nokon som kjem med copyrightkrav. Hennar forståing av lovverket er like bakvendt som alltid, Robert vert sjølvsagt ganske så frustrert av det han høyrer her;
VENT, sa du akkurat det jeg tror? SA DU DET?!

Satan du er ikke god, da. ED har tydeligvis to sett regler, ett sett for taskforce, ett sett for andre.

Jeg skjønner godt at folk stikker fra dette helveteshullet om dagen.

Lexidh tordnar i gang med sin administrative og juridiske know-how;
Om du skal eie alt design som er laget på EDDR som ikke en gang eksisterer lenger skal vel Microsoft eie alt som er skrevet notepad, eller Word, eller for ikke å snakke om alt som er gjort i IE. Mhm. Jeg har også fjerna det stygge krysset fra dagboka mi. Skal du gå løs på meg også?

Og jeg "sier" hva jeg vil til folk som ikke er EDbrukere. Slik som jeg alltid har gjort.
Og Robert kan ikkje anna enn å svare;
Nei, Lexidh, jeg skal ikke gå løs på deg. For i din lille verden er dette korrekt mens diverse andre tyskerbilder er helt grusomme. Jeg kan tenke meg at om jeg hadde funnet et gammelt bilde av min bestefar ville nok det vært utenkelig å stappe opp i dagboka mi, mens om du hadde Googla et bilde av ville det vært tillatt.

Lexidh, jeg synes synd på deg, for du har latt ting gå deg til hode. Jeg mener det. Du har blitt så gjennomsyret med at du alltid skal ha rett og at du alltid skal ha siste ordet i alle saker (sett bort fra de du taper, som bevist i Hastur-saken, hvor du holder deg til å nekte å ta til deg informasjon når han la fram fellende bevis).

Det var et håp for at jeg kunne funnet på å utgi kildekoden til EDDR, men dessverre har din holdning fjernet dette lille håpet.

Måtte livet være god mot deg, Lexidh, for jeg er ikke sikker på at jeg ville klart det om jeg hadde vært på ED lenger.

PS! Ikke noe vits å blokkere IP-adressen min, vi har IP-rotasjon over mange rekker, så da blir det mange som blokkeres.

Over og ut,

Robert.

Men det hjelp ikkje, for Lexidh står på sitt. Det er ho som er offeret her;
Hihi, er det ikke de gode gamle argumentene mot meg som dukker opp igjen? Det er jo nesten søtt. Alterdinskyldogduerfælogslemfordiduikkebøyeravfor"oss"-greia. Bla bla. Men i bunn og grunn får jeg ikke brydd meg mindre om folk som ikke egentlig har lyst til å være her på ED. Som er min server. Som jeg faktisk gjør som jeg vil med, om jeg vil. Vrient konsept tydeligvis ;P
Stakkars Lexidh. Og med dette prøvde dei òg å IP-blokke Robert. For ikkje pokker om han skal lese at dei oppmoder til å fjerne hans vassmerke og tukle med hans andsverk.

I løpet av det heile har Antidamen kima inn. Ho er ein tidlegare kjenning av ED, med den mest vitja bloggen på serveren før ikkje ein ikkje så lite sjalu Lexidh kasta henne ut for bråkmakeri. Ho grip fatt i det ho oppfattar som forskjellsbehandling;
Lexidh: Mener du virkelig at det er forskjell på mennesker i taskforce og vanlige brukere? Forskjellige regler? ELLER mente du at siden hun er taskforce-medlem kan du ikke tenke deg at hun vil bryte en regel hun selv tar andre for?
Men neida, la oss vere klar. Slik er det ikkje. For dette har jo så klart ingenting med copyright å gjere;
Nei. Men her er det ikke noe regelbrudd. Robert er ikke EDmedlem lenger, EDDR eksisterer ikke lenger, hva faen er problemet her egentlig? At hun ikke har en stygg bildet-mangler-greie på siden sin lenger og anbefaler andre å fjerne sin også? Jiiz.
Eg mistenkjer at all verdas terapi ikkje vil nå inn her. Det er eit eller anna patologisk med heile hennar måte å forhalde seg til verda på. Ho er eit offer skjønner du, og vi har å vere takksame for hennar eksisten. La oss sitere ein av hennar mange reaksjonar, denne frå 4. september;
La meg bare minne alle her på ED om et par viktige ting.

Jeg kan legge ned ED på ca 5 sekunder om jeg vil det. eneste grunnen til at jeg gidder å drive med dette her er fordi jeg er så føkkings grei at jeg lar folk bruke den private serveren til sine private ting. jeg har ingen forpliktelser ovenfor noen. så om dette skal bli en plass der jeg og de som er så snille at de hjelper meg med å drive sidene (til tross for at jeg kan drive ED som et diktatur der brukerene flyr ut i øst og vest, slik jeg absolutt føler for nå) bare skal bli offer for kjeft, trusler og annen dritt så trekker jeg heller ut kontakta.

do not test me.
Ho kan jo tross alt oppføre seg som ein diktator, det er noko vi ikkje har fått med oss. Er det? Ein etter ein vart folk kasta ut for å ha sagt feil ting, eller simpelthen berre ha vore venner med meg eller andre som har sagt henne mot. Det er ikkje lov å seie henne i mot, vi skal berre vere takksame... for ho kunne jo ha vore ein diktator. Ja, for ED har ingen likskapstrekk med ein totalitær stat eller?

Det er symptomatisk at slike beskjeder vert lagt ut i bloggen hennar. Ho forventar faktisk at alle brukarane les den, ho blandar privatperson og administratorrolla når det passar henne, og skil når det ikkje funkar så vel. Som ho seier fleire andre stadar, så skal alle brukarane vere hennar vennar. Det er vel slik ho får vennar?

Etter fleire utkastingar, og ein del krangling, kom det endeleg nye regler til ED, slik eg hadde bedt om. Reglane, og det som følgjer av dei... er strengt tatt ei soge for seg sjølv. Som eg kan kome innpå seinare, om det er eit folkekrav.

Førebels er det berre å oppsummere det vi har lært her i dag; Andsverk gjeld på fotografi som ingen eig, medan ein kan fjerne vassmerke og copyrightnotiser på designkoder dersom ein er uvennar med han som har laga det. Og om du protesterar, ja, så er det Lexidh Solstad som er eit offer.

Ja, så er det vel berre å ta det innover oss då, så slepp vi å høyre på grininga hennar.

Personleg, så likte eg Robert sin respons, for då han var kasta ut og IP-blokka, og dei nekta å gje seg på kodestyret la han ut att ein ny logo for EDDR. Eit vakkert bilete av FurteFranz som gav klar beskjed om at denne koden, den tilhøyrde Robert.

Det var ei lang natt for Lexidh sine frivillige som måtte sitte og luke ut den koden frå alles dagbøker.

(Dette innleggjet er illustrert ved hjelp av våre vennar i det Tredje Riket, Thoken (alias Tarunji), Bad Mynock, jbq, Hjarandr og ikkje minst... anonym)

52 kommentarer:

  1. Det er en underlig stillhet her. En skulle egentlig forvente en kø av lystne kommentatorer - fra begge leire egentlig.

    Dette er nok ikke siste ord i soga om ED og Frk. Solstad, og jeg venter spent på fortsettelsen; hvorfra den kommer, hvordan den arter seg og hvorhen den tar veien.

    SvarSlett
  2. Jah ... hva skal man si? Jeg vet jo at det er slik det er på ED, men det er bare så absurd at jeg blir til slutt målløs. Egentlig er jeg mest sjokkert over at det går an å oppføre seg på den måten som Lexidh Solstad gjør. Jeg synes det er skremmende.

    Hilsen fri

    SvarSlett
  3. Huin308:
    Du kan så seie, men det er søndag, så du kan ikkje forvente altfor mykje aktivitet. Dessutan vert ED-brukarar kasta ut for å kommentere på slikt.

    Siste ord veit eg ikkje, det er vel opp til... tja... kva eg gidd å ta meg til. Er det interesse for del 4?

    "Fri":
    Det er vidunderleg absurd, ja. Er berre å nyte det heile ;-D

    SvarSlett
  4. Je je je! Endelig del 3! Klart vi er med på del 4 også! Dette er svært fascinerende lesning!

    SvarSlett
  5. Fascinerande... eller mest trist? Kva seier du Monsieur? Vi får sjå ang. del 4. Eg har jo betre ting å gjere enn å sparke i den døde merra.

    SvarSlett
  6. Lexidh oppsummerer forsåvidt det hele på en fin måte:

    "Som er min server. Som jeg faktisk gjør som jeg vil med, om jeg vil. Vrient konsept tydeligvis"

    Dette er jo greit nok. Det er bare for brukerne å forholde seg til. At det er brukere som blir igjen på en server der administrator er såpass koko og totalitær er derimot ikke godt å forstå.

    Dette er litt som Rocky-filmer, underholdende og fint så det blir aldri nok deler. Venter med spenning på del 4. Og 5. :)

    SvarSlett
  7. Problemet oppstår når ho ikkje inkluderar dette i eit reglement som ho krev at brukarane skal følgje. Har ein først eit skriftleg reglement, så må dette gjelde. Då er det betre å ikkje ha eit reglement i det heile.

    Men ho likar å leike "vaksen", så difor reglement. Det er litt morosamt å lese på... så kanskje ein del til seinare.

    SvarSlett
  8. Hehe, jeg mente selvfølgelig fascinerende fra en rent patologisk synsvinkel; litt som å overvære et freak show eller noe. "Hastur's Menagerie of Moral Deformities"... noe i den gaten... Ingen tvil om at det er et interessant speciment du har kommet over i alle fall.

    Var forøvrig inne på Rocky-tankegangen selv, så hatten av til Straume for den!

    SvarSlett
  9. Det er ingen mangel på gærningar der ute, og berre på ED er det jo nok av skrullingar ein kunne ha trukken fram. Ein vakkar stad om eg får seie det sjølv ;-)

    SvarSlett
  10. Hjelpe og trøste. Advarsel: Knekkebrød i aksjon. Sprøtt, med andre ord.

    Jeg liker Blogspot bedre og bedre, jeg ...

    SvarSlett
  11. Forskjellen er at blogspot ikkje er eit community, noko ED er... eller var. Det raknar jo jamleg, til stor underhaldningsverdi for alle med litt distanse ;-P

    Men knekkebrød ja... no fekk eg lyst på lunsj.

    SvarSlett
  12. Herlig lesning!

    Vi må jo virkelig gjøre om hu derre Lexidh til kultfigur. Aner jeg en bølge med LOL-Lexidhs, for eksempel?

    SvarSlett
  13. Åh hjelpes... det var ikkje ein fint lite skremmande tanke... Av ein eller annan merkeleg grunn såg eg for meg små kitschye Lexidh-skulpturar til sals i suvenirsjappar :-o

    SvarSlett
  14. Du har jo allereie foreviga vesenet i eit rimeleg nytt, digitalt produkt frå vår alles Will Wright, har du ikkje?

    SvarSlett
  15. Det glade vanvidd, det er akkurat det det er. Og en avhengighet, jeg blir avhengig av å følge med på ED-verden selv om det er lenge siden jeg skrev der selv.

    I rss-leseren min har jeg en egen mappe som heter Freaks. Ei venninne har en tilsvarende mappe som heter Bilkræsj. For bilkræsj er passe fascinerende å se på, men samtidig er det så ekkelt og tragisk at man egentlig ikke burde se.
    (Ja, jeg har skrevet det til deg før, men jeg klarer ikke å bli kvitt sammenlikningen....)

    SvarSlett
  16. *kremte* joda, Bad Mynock, eg gjorde eit forsøk i det minste. Ideen om å spore utviklinga frå cellestadium og utover var besnærande, men eg klarte ikkje heilt å attskape det... kreaturet vart for hyggjeleg.

    Ja, frk. Skavlan, det er vanskeleg å gje slepp på slikt. Det er litt som ein dårleg såpe. Du veit kvar gong du sett deg ned at du berre vil verte utsatt for toskeskap, men du må likevel ha med deg det som skjer. Eg vonar det snart kjem medisinar mot det ;-)

    SvarSlett
  17. My Lord Bassington Bassington, ditt forslag om LOL-Lexidhs er rett og slett genialt. Og Robert er også genial. For ein fantastisk måte å få det siste ord!

    SvarSlett
  18. Jeg vet jeg ikke burde, men jeg har veldig lyst å bruke denne lenken (http://www.enjoydiary.net/reportabuse.html) for å rapportere Solstad...

    Lenken heter jo "Rapporter misbruk" - og det Solstad lirer av seg er jo regelrett misbruk av båndbredde :-)

    --
    RG

    SvarSlett
  19. Problemet er vel at jo meir Hastur lirar av seg her (og vi likar at han lirar som ein lirekasseape!), og jo fleire reaksjonar det kjem på maktmisbruket til Solstad (og no også brot på andsverkslova iht. Robert sin kjeldekode) jo lengre inn i offerrolla går Solstad. Slike menneske er det umogleg å diskutere med, dei er ute av stand til å ta sjølvkritikk eller å sjå ting frå andre perspektiv enn sitt ekstremt snevre, og dess meir bensin på bålet, dess større martyr.

    SvarSlett
  20. Heilt OT, kvar blir det forresten av Leia-bertene som har putekrig, Hastur?

    SvarSlett
  21. Rune:
    No var du snill. Andre ville hevde ho misbrukte oksygen òg ;-) Ikkje meg sjølvsagt. Eg held meg for god for slik dritslenging.

    jbq:
    La no meg jobbe først, så glede deg.

    Forøvrig så treng vi fleire martyrar her til lands, kjekt å sjå at Lexidh gjer sitt beste for å ta på seg det ansvaret, ja? ;-P

    SvarSlett
  22. Dette er strålende underholdning. Det er ikke mye jeg har hatt med unge Solstad å gjøre, bare bittelitt i forbindelse med at hun overtok Nettdagbok i sin tid, men det var mer enn nok til å bli overbevist om at hun er fullstendig forrykt.

    Sorry, men det måtte bare ut!

    SvarSlett
  23. Få det ut! Få det ut!
    Mullaen råder alle til å få ut sine frustrasjonar.

    Vonar du har tatt deg tid til å lese dei første kapitla òg. Vurderar å skrive eit til (men så må det vel vere slutt?! ;-P)

    SvarSlett
  24. Oooh, du er kul du. Skikkelig.
    Og hadde noen giddet å ta seg tid til å faktisk lese gjennom koden til Robert, så hadde dere lagt merke til at han faktisk har to credit-tags i koden sin - en med bilde og link som han advarer alle mot å fjerne, og en til litt lengre opp som sier noe ala dette:


    Design by ..... - http://www.enjoydiary.net/no/..... (placeholder to prevent bugs)
    Code by Robert - http://www.enjoydiary.net/no/Robert
    EDDR v1.5 - http://eddr.ipwn.se


    Den er der fortsatt. Ingen oppfordring om å fjerne den. Kun bildetaggen og linken som linka til et dødt nettsted med et rødt kryss.

    Men de som er smarte nok til å lese gjennom koden, fjerner såklart den også. ;)

    SvarSlett
  25. Hvorfor så anonym, lille persille?
    (OK, så rimte det ikke - men jeg er faktisk medieviter og ikke poet...)

    SvarSlett
  26. @Anonym: Ja, lat oss oppmode til tjuveri av intelektuell eigedom ved å ignorere dei lovane som ikkje passar oss og finne på nye for anledninga!

    Det einaste eg ikkje forstår er kvifor ingen har rapportert ED til dei rette organa enno. Med tanke på frk. Solstad sin totale mangel på personleg sensur er det jo ikkje akkurat som om det ikkje ligg herleg mange fine bevis på framferda hennar frå hennar eigen munn/eigne hender!

    SvarSlett
  27. Snirkelsnorkel: Hold deg til medievitenskap-tullet ditt du. Det kler deg bedre enn liksomrim.

    Jack: Det er ikke tyveri så lenge det fortsatt står i koden at det er Robert som har laget den. Og det gjør det jo - bare ikke med link til EDDR, som han har lagt ned. Og hva for slags rapportering er det du planlegger da? Tror du virkelig noen bryr seg med hva som skjer på ED, annet enn tidligere (utkastede) brukere?

    SvarSlett
  28. Ja, det var jo ein fin tanke - å berre la være å bry seg med alle sosiale grupper vi ikkje personleg er medlemmar av. Og alle ED-medlemmane er sikkert kjempenøgde med å måtte gå på tå for ikkje å bli kasta ut; så lenge alle berre har lov til å sei fine ting, må jo alle ha det fint?

    Og om ingen andre enn utkasta brukarar bryr seg om ED, kvifor antek du då at EG "planlegg rapportering" (paranoid, much?)? Då meiner du jo openbart at andre enn utkasta brukarar bryr seg.

    "Men de som er smarte nok til å lese gjennom koden, fjerner såklart den også. ;)"
    -> Tja, det å tillegge intelligens, i.e. høgare status, til dei som fjerner koden, kan sjølvsagt sjåast som oppmoding til tjuveri av koden.

    SvarSlett
  29. Men kjære anonym då, det speler vel ingen trille om du fjerner ein, to eller tre copyrightnotiser vel? Du har ikkje lov til å fjerne dei. Særleg ikkje når innehavaren av copyrighten seier nei.

    Her må du sjå ting i kontekst, eit slikt stygt vanskeleg ord som medievitarar og andre brukar, som tyder at ein må sjå ting i den situasjonen og samanhengen dei eksisterar i.

    Og det er den vi finn særs interessant her. Lexidh forlangar bilete der copyright er ikkje eksisterar skal fjernast pga hennar forståing for copyright, den same forståinga for copyright seier det er greit at ein kan fjerne copyrightnotiser frå andres produkt. Dette kallar vi ein sjølvmotsigelse, og er i beste fall eit uttrykk for ein ganske så alternativ røyndsoppfatting.

    Det har seg òg slik at den som skal handheve ein copyright er eigaren. Så om ingen klagar på bruken av eit bilete, så er det greit, klagar eigaren, så må ein fjerne det. I Lexidh si verd derimot, så er det ho som handhevar den. Om eigaren har sagt frå seg retten: skitt au, ho bestemmer. Om eigaren protesterar (les Robert) når misbruk forekommer, så er svaret "Kjøss meg bak!".

    Det er høgst besynderleg må eg seie. Men så er jo dette òg same kvinnemennesket som sel såkalla "Bean Bag Bugs" ho har laga etter oppskrift funnen i ei bok som understreker at designet tilhøyrar forfattaren, og ikkje skal produserast for sal av lesaren.

    Utover det så er det fullt mogleg å signere innleggja dine Anonym, vi sett pris på det. Vi krev det ikkje, men det er jo kjekt med openhet, er det ikkje? Vi bit ikkje.

    SvarSlett
  30. Nydelig skrevet, min gode mann ;)

    (oi, det hørtes ukomfortabelt intimt ut, når jeg tenker meg om..)

    Men ja. Fine greier, dette her :)

    SvarSlett
  31. Men Antidamen då, er det ikkje kvinnas jobb å skreve? Om eg skrever vert det ikkje så mykje intimt som vulgært.

    Ikkje at eg ikkje skal innrømme visse vulgære sider då...

    SvarSlett
  32. Jeg forstår virkelig ikke hvorfor denne saken hauses sånn opp.

    Du ble bedt om å fjerne et innlegg du ikke ville fjerne, og ble slettet fra ED etter at fem mennesker hadde avgjort å gi deg straffepoeng, ett i uka i tre uker. FEM MENNESKER. Ikke bare Lexidh, med andre ord. Det var andre som reagerte, i tillegg til henne. Så jeg ser ikke helt poenget med å gå løs på henne, eller ED for den saks skyld - du godtok selv reglene ved å skrive der. Dette blir bare barnslig og teit ;)

    SvarSlett
  33. Ingenting vert hausa opp her, eg har blitt bedt av interesserte om å dokumentere kva som skjedde. Så då gjorde eg det.

    At folk reagerar på eit heller underleg forhold til reglement og andsverklova er vel berre forståeleg? Særleg når Lexidh i sin korrespondanse gav uttrykk for at det ikkje var noko reelt regelbrot som låg bak, sidan ho var villig til å endre klaga for å få det til å høyres betre ut.

    Du er framleis anonym, du veit det ikkje oppmoder til at du vert tatt seriøst, sant?

    SvarSlett
  34. Jeg hadde ikke blitt tatt seriøst hadde jeg skrevet her som meg selv heller ;)

    SvarSlett
  35. Klart du hadde, det er kanskje ein del som foretrekk LOLthuluz foran LOLcatz her, men alle har sjølvsagt rett til å uttale seg og bli høyrd. Men då må dei rekna med å bli motargumentert, sjølvsagt.

    SvarSlett
  36. Som jbq seier, så har alle rett til å uttale seg. Dei fleste av dei eg kjenner personleg som har kommentert her, kjenner eg som personer som lar folk tale for seg. Vi er glad i ytringsfridomen for å seie det slik, og er villige til å forsvare den. Vi er likeeins forplikta til å seie i frå når noko strid mot sunn fornuft, eller visar totalitære tendensar. Det er jo berre rett og rimeleg, ja?

    For nok ein gong gjenta det jbq seier, så står du fritt til å stå fram som deg sjølv og argumentere for di sak, men om vi er usamde, så må vi ha same høve til å argumentere mot.

    SvarSlett
  37. Anonym: "Snirkelsnorkel: Hold deg til medievitenskap-tullet ditt du. Det kler deg bedre enn liksomrim."

    At du omtaler en ærverdig vitenskap som tull får så være. Derimot presiserte for det første at jeg at jeg nettopp ikke var poet. For det andre ser jeg ikke hvordan dette kan kalles et liksomrim siden det faktisk ikke rimer i det hele tatt ;)

    SvarSlett
  38. Å argumentere med at man ikke burde bry seg med hva som skjer på ED når man ikke er medlem gir meg tanker om paralleller til at vi ikke skal bry oss om hva som skjer i Kina, vi er jo ikke kinesere. Om man ser bort fra størrelsesforhold og alvorlighetsgrad, selvsagt.

    (Som kinesere flest foretrekker jeg å være anonym i slike ulovlige nedsettende fora om staten min, enn så lenge. ;-) )

    SvarSlett
  39. For en interessant debatt. Man kan for eksempel trekke den berømte Godwin-parallellen ("jeg er ikke medlem av Nazipartiet, jeg burde ikke ha meninger om nynazister"), eller skrive i det lange og det brede om allmenn rettssikkerhet og verdien av forutsigbare regler, men jeg tror rette adressat aldri hadde lest det og i alle fall ikke brydd seg.

    SvarSlett
  40. det at det er en zillion bloggsider på nettet, og ed er musepiss i havet i den store sammenhengen hindrer ingen av dere ser jeg.. dere er søte.

    xxxxx

    SvarSlett
  41. Skulle det dèt då, Anonym? Eit innlegg om ED i ny og ne tåler visstnok lesarmassen. Dessutan handler det ikkje så mykje om sida, som litt bisarre forhold til lover og regler, og det er alltid interessant å sjå på.

    SvarSlett
  42. Sa noen LOL-Lexidh?

    http://img403.imageshack.us/img403/4020/lollexidhol8.png

    SvarSlett
  43. Jeg tillhører det Frk. Skalvland kaller som freaks. Og ja hun hadde meg i mappa si en stund. Vil bare si jeg fikk på pukkelen av Solstad og forlot showet. At noen der ute har lagt meg i en mappe for freaks gjør at jeg mister fullstendig det lille jeg hadde av selvtillit. Takk skal du ha Frk. Skalvland!!!!!

    SvarSlett
  44. Heisann.
    En litt generell kommentar siden jeg ikke aner hvem du er/var på ED. Innlegget her handler om Lexidh og dramaet rundt hvordan ED drives, og det var det min kommentar handlet om - ikke enkeltblogger på ED. At dagbøker jeg følger/fulgte på ED automatisk blir freaks i mine øyne tror jeg nok du har tolket helt selv, det er ikke det jeg skriver.

    SvarSlett
  45. Hei igjen.
    Ledix er GAL for å si det med mine enkle ord.

    Jeg har tenkt meg om og jeg bryr meg ikke om jeg er freak eller ikke. Jeg tolker som regel alt i verste mening som regel.

    Ha en god dag! (Jeg var dreamer på ED før jeg fikk Ledix oppgulp midt i tryne)

    SvarSlett
  46. Lexith mente jeg....stavefeil..

    SvarSlett
  47. Ja! Det var da fælt da så vanskelig det skulle være.

    SvarSlett
  48. Ho har ikkje gjort det lett for sine medmenneske nei ;-P

    SvarSlett
  49. du verden -ante ikke at det var slik drama på ED......???!? Nesten så jeg blir litt skremt... jeg gjør jo ikke annet der enn å skrive ned mine tanker - men kanskje jeg burde gjøre det et annet sted.. men hva med arkivet mitt da? kan jeg ta ut det på noen måte?

    SvarSlett
  50. Du kan alltids "eksportere" innleggja dine. Du finn alternativet på margen på høgresida sist eg sjekka. Då får du velje mellom ulike format, eg anbefalar HTML, men txt og xml var òg mogleg. Dette tar litt tid om du har skreve mykje.

    Som kvar dag i fem år til dømes ;-P

    SvarSlett