onsdag 1. oktober 2008

Soga om Enjoydiary: Ein smakebit

Ja, eg veit - eg har lova del 3 i Soga om Enjoydiary, men eg har vore veldig travel i det siste. Og det tar tid å sette den saman. Og no reiser eg til London om eit par dagar, om eg ikkje får gjort det før då... så tar vi det etterpå. Så enkelt er det. I mellomtida skjer det jo ting der borte; som lova har endeleg Lexidh Solstad lansert eit nytt reglement for sida som står meir i tråd med politikken administrasjonen har hatt. Då folk ville logge inn i går måtte dei første godkjenne dette nye reglementet, men ein får diverre ikkje lest det sjølv om ein ikkje er medlem.

Eg burde sikkert dedikere eit lengre innlegg til det, men det får i såfall vente. Forutan å gjenta eit par gonger at ein har innskrenka ytringsfridom, utmerka det nye reglementet sitt med ei heil rekkje punkter under kva bilete som er tillatt og ikkje (av ein eller annan merkeleg grunn eit eiga avsnitt om bilete frå hotell og hotellrom), og der fann eg følgjande ekstra kosteleg:
"Bilder med innhold som kan virke støtende,
som f.eks. blodige kroppsdeler, dyremishandling, sterke politiske
eller samfunnsmessige bilder osv. skal ikke forekomme i den åpne
dagboken."

Ja, nokon kan jo verte støtt av... bilete av... politiske og samfunnsmessige... ting?

Eg vil sjølvsagt fråråde alle brukarar av ED om å kommentere her, då "nedrakking" (dvs. kritikk eller spørsmål) av administrasjonen er grunn for utestenging. Dette punktet er no utvida til å inkludere at
"Eventuell deltagelse i åpne aksjoner eller lignende mot administratorene eller deres drift av EnjoyDiary som blir utført utenfor EnjoyDiary sin server vil også bli sett på som regelbrudd."

Så det er ikkje rart at det har vore stille på Enjoydiary etter desse reglene vart innført. Stille har det ikkje vore i innboksen min, som har vore full av frustrerte brukarar som har heller fargerike karakteristikker av administrasjonen å dele med meg. Det har vore særs underhaldande.

Den offisielle del 3, kjem så snart eg har tid. Ver tolmodig.

14 kommentarer:

  1. Damen virker bare spørere og sprøere. Jeg foretrekker meg her hos storkapitalen, jeg.

    SvarSlett
  2. Storkapitalen har jo hatt sine mindre... sinnsfriske talsmenn den òg. For ikkje å snakke om talskvinner.

    Men joda, eg foretrekk meg her eg òg, uavhengig av økonomisk fundament.

    Meir sprøtt skal du få. Del 3 vil ta kaka.

    Men hugs; les du dette - så får du ikkje lov å leike med henne.

    SvarSlett
  3. Jeg må innrømme at jeg lurer fælt på hvordan denne administratordama er IRL, jeg. Noen med slike ekstreme kontrollbehov på nettet har muligens noen lignende - ehem -tendenser utenfor nettet også?

    SvarSlett
  4. Takk herr Bassington-Bassington, tusen takk for biletet. No føler eg meg skitten.

    Eg alltids presentere deg for mennesket om du vil det. Ho er uansett lett å oppdrive, ho står i katalogen. ;-P

    SvarSlett
  5. Eg elska EnjoyDiaré
    Kanskje eg kan posta noko morosamt der.

    Berre kom med forslag.

    SvarSlett
  6. Grungepojk, du må ærleg talt skrive det du vil, kvar du vil for min del. Det er ikkje min plass å instruere folk i kva dei skal skrive, ei heller leie noko felttog for å provosere Lexidh Solstad.

    Eg tok på meg å skrive disse tingene fordi folk ba meg om det, og fordi dei ville vete kva som skjedde. Eg resonnerte og slik at for framtida vil det vere greit å ha alt svart på kvitt, slik at ingen kan slenge ut udokumenterte påstandar om kva som skjedde. Sladder er noko som det foregår mykje av bå Enjoydiary, og som vi har sett ein heller merksnodig befatning med røynda.

    SvarSlett
  7. Dette er jo bare tragisk... At noen ønsker å benytte seg av tjenester levert av en slik person/personer er jo ufattelig :-)

    Skal bli artig å lese resten!

    --
    Rune

    SvarSlett
  8. Greia er vel den at staden har ein viss... underhaldningsverdi for dei av oss som likar det litt spesielle? ;-)

    Resten kjem så snart eg har tid.

    SvarSlett
  9. Eg synes det er bra noen tar ansvar på vegne av alt for snakkesalige mennesker med politiske meninger. Det vi trenger er et sentrumstyrrani, der alle radikale ytringer blir tiet og ignoranse er en dyd.

    SvarSlett
  10. Ja, du er inne på noko der Ørjan... for Guds skuld, la oss ikkje uttrykke meininger... det er jo like ille som nekroporno det!

    SvarSlett
  11. Dette virker jo som en kvinne etter mitt hjerte! Er hun singel? ;)

    Forøvrig bør du kanskje være litt forsiktig Hastur - før du vet ordet av det utvides virksomheten med egen wiki (lexidh.info) der du er hovedartikkel...

    SvarSlett
  12. Nei, ho er nok ikkje det Snirkelsnorkel, men fatt mot! Du må jo berre sjarmere henne i senk, og lokke henne i dine armer.

    Og du veit jo at eg har etterlyst gode wiki-artiklar om min deilige person ;-)

    SvarSlett
  13. Men nå vil vi høre hvordan det gikk videre. Og om eventuelle reaksjoner fra henne på de siste innleggene.

    SvarSlett
  14. Ja, det skal du få... men eg er diverre offline heime. Min nettleverandør leverar veldig lite nett for tida.

    SvarSlett