måndag 17. november 2008

Alternativ blogging til besvær

Kven her trudde at Mullaen ville gje slepp på Frank Aune etter han plumpa ut i det med sine spekulasjonar om underjordiske basar og Planet X? Ingen. Godt er det. For som han, og fleire på same avdeling, kan fortelje deg, så er det ein ting som konspirasjonen er ekspertar på, så er det å lattarleggjere modige sanningssøkjarar. Og etter at eg vart forsikra om at sjølv eg skulle få plass i ein bunkers i 2012, så rekner eg meg sjølv no som ein del av konspirasjonen. Inntil vidare i alle fall.

Borte hjå Meland Media vart det spekulert i at Aune sin artikkel om basane våre, i likskap med sakene om korleis vi stod bak 11. september og legg skjul på sanninga om utanomjordisk liv, var publisert i seksjon for "offline", og at dette skulle tilseie at det var berre spøk og moro.

Den særs ansvarlege redaktøren for ITpro ser derimot gjennom alle slør, og ser alvoret i situasjonen vi har framfor oss. Han veit likevel at ikkje alle er klare for den heile og fulle sanninga, og tilpassar seg difor publikum. Det er meir her, enn han våger å publisere skjønner de;
"Merk deg at artikkelen er skrevet for vanlig, sovende folk uten spirituell bevissthet eller noe forhold til våre kosmiske venner. Den er skrevet bevisst for å vekke opp flest mulig folk. Det er derfor ikke spart på kruttet i artikkelen. Får vi gjennombrudd så vil oppfølgingsartikler komme med et lysere budskap."
Slik introduserar Frank Aune den mykje omtalte artikkelen sin i bloggen sin hjå Alternativt Nettverk. Og held fram med at
"Vi mennesker må rydde opp i vårt eget rot. Derfor er det essensielt at alle våkner opp til verden slik den er og rydder opp, for så å aksellerere mot en full kosmisk bevissthet."
I sin velskrevne blogg omtalar han ofte sine mindre IT-relaterte artiklar, som fortel oss at valet 4. november aldri vil finne stad, at NRK sensurerar Robbie Williams og at våre venner i Illuminati styrer det meste. Ja, her får du alt du treng å vete, om alt og alle. Det er rimeleg standardkost frå ein modig sanningssøkjer. Her kan du til og med få gladnyhende som at;
"Galactic Federation of Light og Ashtar Command har annonsert at Illuminati vil være historie innen 1. februar 2009."
Det var no enno godt å høyre. Frank Aune er i utgangspunktet ein ganske optimistisk herremann, som på tross av å sjå fanden over alt, er overtydd om at no... no skal det snu. Og han opplever stadig å vakne opp til nye verdener, og ser fram til at resten av menneskeheten slår følgje i nær framtid - som i tilfellet med hans avsløring av 11. september;

"Artikkelen ble skrevet for bare rundt fem måneder siden, men jeg har lært usannsynlig mye på denne tiden og våknet opp som en sjel etter at jeg begynte å grave i virkelighetens verden. Heldigvis er Illuminati, the Secret Government og resten av denne gjengen på full vei ut til fordel for en gylden tidsalder som jeg tror vi vil se starten av den 28.10.2011. Det formerlig kribler i hele kroppen! Jeg gleder meg stort!"
Det gjer vi òg Frank. Verkeleg. Ikkje berre kriblar det her... det sitrar.

I helga vart vi minna på eit element vi hadde heilt gløymd i vår første gledesrus over ansvarleg redaktør Frank Aune sine avsløringar. Eit spørsmål stilt som vekte min nyfikenhet nok ein gong. Kva er eigentleg slektsforholdet mellom Frank Aune og den UFO-glade Pål Aune frå NETI - Norwegian Organization for the study of Extra Terrestrial Intelligence. Eit av disse glade menneska som meiner at vi får besøk frå verdsrommet jamnleg, at jødane stod bak 11. september og at det truleg ikkje var noko slikt som Holocaust. Pål Aune heng gjerne med glade menn i frontkjemparuniformar òg.

Dei deler beggje eit fokus på UFOar og sanninga bak 11. september, så her lukter det eit eller anna. Sjølv har Pål Aune lenge vore eit kjent andlet blant forkjemparar for det alternative, og har haldt foredrag om UFOar,

Er det fullstendig uforsvarleg av meg å berre anta at dei er brødre? Om ikkje fysisk, så i anden? Er det nokon der ute som har informasjon om eventuelt slektskap, så vert eg sjølvsagt kjempeglad.

13 kommentarer:

  1. Ah, Pål Aune ja. Hadde glemt ham. Bring him on. Denne sausen trenger definitivt en dæsj eller tre med ekstraterrestrial antisemittisme.

    SvarSlett
  2. Kva er det eigentleg romvesen har i mot jødane? Det lurar eg på. Veit dei noko vi ikkje veit?

    SvarSlett
  3. Jeg kan huske feil, men jeg tror det var Zorn 88 som i sin tid hevdet at jødene kom fra en annen planet men ble forvist til jorden på grunn av sin ondskap.

    SvarSlett
  4. Ja, okay... om dei seier det så... då er det vel kanskje sant? ;-P

    SvarSlett
  5. Mon ikke denne saken er en kommentar til Aunes og andres lette hang til det konspiratoriske?

    Det var slett ingen dårlig kommentar – og forøvrig helt i tråd med hvordan temaet innimellom takles kritisk innenfor rammene av blekka.

    SvarSlett
  6. Ja, den er vel helst ein kommentar til visse kretser hjå Alternativt Nettverk som har støya mykje på forumet deira i det siste. Innleggjet predaterar i det minste Aune sitt siste utspel, men han er ein del av denne kretsen.

    Utover det; eg storkoser meg med det faktum at dei allar gærnaste der faktisk tar seg nær av innleggjet :-D

    SvarSlett
  7. Dette syntes jeg var så vakkert sagt: "Konspirasjonsteoretikere blir egentlig et feil ord siden dette ikke er spekulasjoner eller teorier men sunn og god realitetsforståelse."

    SvarSlett
  8. Det var det eg visste, eg sleit med min "realitetsforståing"... eg klarar berre ikkje å vere redd for alle desse skuggane som dansar rundt meg når eg brenn faklar ;-)

    SvarSlett
  9. Asbjørn: Innlegget er slett ikke ille. Men kommentarene ... Herre!

    SvarSlett
  10. Vel, eg vonar at om dei kjem over noko intelligens i verdsrommet, så held dei godt fast i den. Det kan dei trenge!

    SvarSlett
  11. Joda. Kommentarene er gøye. Unektelig.

    Og analytisk sett interessante, i likhet med måten debatten utvikler seg på.

    SvarSlett
  12. Nå synes jeg mullaen driver en i overkant hard linje mot stakkars Frank Aune her. Med en slik hardhendt forfølgelse av folk som ikke passer mullaen, er det vel like før Frank Aune blir en slags Aune Frank?

    SvarSlett
  13. Oooooh! Den var fin og bløøøøød! :-D

    SvarSlett