torsdag 27. november 2008

Don't copy that floppy

Eg legg ikkje skjul på at eg har eit ganske så avslappa forhold til nedlasting. Ikkje fordi eg ikkje respekterar andsverk eller kreative krefter, men fordi eg ser verdien i at ting faktisk når ut til folk. Sjølv når dette folket ikkje har midlar til å skaffe seg alt gjennom normale kanalar. Ein annan grunn til å vere litt avslappa, er den totale mangelen på bakkekontakt dei har som freistar å bekjempe kopiering i ulike former. Ikkje berre viser dei null forståing for eksisterande marknadar, men dei vegrer seg mot å takle endring i marknaden, vidare har dei null historisk innsikt og har demonstrert mang ein gong at dei simpelthen ikkje forstår ny teknologi. Tenk deg om nokon skulle prøve å hindre deg i å ta opp musikk frå radio på kassett... rar tanke? Vel, det var førre versjon av piratkopiering, og dei prøvde definitivt å stogge det òg. Og kampanjane var ganske så like den gongen. Dei baserte seg på å prøve å fortelje folk at rike selskap var ofra, og at det ville gå utover kvaliteten. Det hadde kanskje vore interessant dersom dei same rike selskapa viste interesse for kvalitet på produkta sjølv? Vil du eg skal betale, så ikkje sel meg møl.

Årsaka til at eg kom på dette, var at min gode venn jbq snubla over ein klassisk anti-pirat video frå 1992. Og denne har han inkludert i si liste over dei beste anti-piracy videoane i manns (hans) minne. Absolutt verdt ein kikk. Personleg høyrer eg ikkje sjå mykje på det, her eg vassar i DVDar, CDar og lovleg kjøpte MP3ar.

11 kommentarer:

  1. Kan ikke si at jeg er overrasket over hvor mange som piratkopierer når man ser hvilke tiltak som er gjort for å forhindre dette, også gjennom media ;)

    SvarSlett
  2. Kva? Er ikkje MC Double Def DP eit hipt og aktuelt førebilete som verkeleg nådde fram til dei samtidige unge i 1992?

    SvarSlett
  3. Porn0pus: Du kan så seie, hadde dei bere vore i stand til å kommunisere på normalt vis ;-P

    jbq: Nei? ;-P

    SvarSlett
  4. Det er også gøy at videoen viser til Tetris og samtidig argumenterer for at hvis ikke du kjøper, så får ikke programmererne betalt - Pazhitnov selv tjente rimelig lite på det hele...

    SvarSlett
  5. Nei, ved Profetens skjegg, skulle han faktisk fått royalties for prosjektet hadde han blitt rikare enn Bill Gates ;-P

    SvarSlett
  6. Altså.. Det er jo en innmari fin video - jeg har sendt den videre til sånn ca alle jeg kjenner, og den var god festunderholdning. Men det er vel begrensa hvor godt den overbeviser meg til å aldri laste ned noe igjen. :p

    *Nynne*

    SvarSlett
  7. Har du lasta ned videoen kanskje? ;-P

    Eg trur ikkje videoen omtalar nedlasting, det var berre fysisk kopiering dei var uroleg for. Eg trur ikkje dei ville attkjent ein BBS om den så kraup opp i deira bakende ;-)

    SvarSlett
  8. Det står i rulleteksten at det er lov å kopiere den videoen der, hvis man skal bruke den til å spre anti piracy-budskapet. ;)

    Nei.. man hadde jo ikke sånn internett for alle på den tida. Det hadde jeg glemt. :p

    SvarSlett
  9. Internett for alle har vist seg å vere ein særs dårleg idè ;-P

    SvarSlett
  10. Ellers hadde jeg faktisk en Mac (LC III - vel har fortsatt, står i skapet) av den generasjonen vi ser på videoen. Tror jeg den gang mest hadde vært overrasket over fullskjerm video, hvis han fyren dukket opp...

    SvarSlett
  11. Huff, det er ein dårleg vane å samle på gamle Mac'er. Hasturs klan har samla opp ein del gjennom åra òg, og det på tross av at han ikkje likar dei.

    SvarSlett