torsdag 6. november 2008

Ein dag på festival

Dag 1. på WT Festivalen unnagjort gitt. Difor lite å rapportere herifrå.

Må berre melde at tekniske problem hindra direktesendinga av Timo Vuorensola sitt møte med mullaen å verte utførd på anstendig vis. Opptak kjem derimot så snart som råd. Om ikkje lyden er for dårleg, dette får eg visstnok vete i morgon.

Etter intervjuet var det klart for filmquiz. Trønderseperatistgeriljaen og Yodas Jodlarar forsvann straks frå dei andre i poenggjevinga og kniva om første plassen, men til slutt gjekk sistnemnte av med ei soleklar siger.

Giss kva lag eg var på, og kva lag vår venn jbq var på? HA! Vi takkar Bad Mynock for å ha satt saman ein bra, og utfordrande quiz.

No tar eg kvelden.

2 kommentarer:

  1. Eg må sei eg lot meg imponere av både jodlare og trøndere. Riktig flinke var dåke.

    Og så må eg vel òg innsjå at quizen kanskje var litt i vanskelegste laget for dei som ikkje delar våre særinteresser. Oh well, slik går det. Om eg får kome tilbake neste år skal eg levere ein meir omgjengeleg quiz ;)

    SvarSlett
  2. Omgjengeleg, schomgjengeleg! Om dei ikkje attkjennar opningsreplikkane frå Flash Gordon eller trynet til Dean Stockwell i The Dunwhich Horror forten dei å ete grus.

    Med sennepp!

    SvarSlett