tysdag 18. november 2008

Ein katolsk visitt

Kontordøra opna seg, og der stod det ein katolsk religionshistorikar. Han fiska kjapt ut ein rosenkrans frå lomma, og såg seg om etter tilgjengeleg heilagvatn. Bak han fulgte nok ein katolsk kunsthistorikar, av den eldre garden. Eit lurt glimt i auga.

Dei var komen for å drive ut vondskapen. For å drive ut demonar.

Eg dukka unna det verste, og kom meg heilskinna frå det.

Og eg lurar... når slikt til stadig skjer på kontoret mitt, er dette eit teikn på at eg gjer ein god jobb? Eller ein dårleg jobb? Eg veit simpelthen ikkje. Alt eg veit, er at det var ein heilt vanleg dag på kontoret.

6 kommentarer:

  1. Du kan drepe dei med ein stake gjennom hjartet har eg høyrt. Men hugs å hogge av dei hovudet også, så er du heilt sikker.

    SvarSlett
  2. Det høyrdes litt for brutalt ut for meg, eg tykkjer jo eigentleg det er koseleg med besøk på kontoret ;-P

    SvarSlett
  3. katolsk kunsthistoriker av av den eldre garde...? hm... ;o) -Gledespiken.

    SvarSlett
  4. Jo, jeg har forsåvidt altid vært av den oppfatning at du omgir deg med tvilsomme personer, så dette kom nok ikke som noe sjokk...

    SvarSlett
  5. Monsieur Cinque reknast vel som ein av dei tvilsome i så fall, rekner eg med? ;-)

    SvarSlett