fredag 28. november 2008

Fleirdimensjonale kulturopplevingar

Kultur kan jo vere så mangt, men eg er ein mann som krev litt substans, litt dybde. Det må vere fleire dimensjonar til det heile. Her forleden kveld vart eg slept ut av kontoret og vidunderleg overtid for å sjå The Journey to the Center of the Earth i 3D. Filmen er sjølvsagt basert på den kjente romanen av Jules Verne, og handlar om ei verd i kjerna av vår eiga. Både boka og filmen følgjer den farefulle reisa gjennom denne verda, frå ein vulkan på Island til utvegen i Italia. Dette er sjølvsagt ein berg og dalbane, og i 3D vert effekten berre betre... ein kan sjå kjøttetande plater og fisker suse mot andletet, og ein vik unna når dinosaurslev renn ned mot auga dine. Og det vert så altfor, altfor tydleg, at dagens filmar, med alskens effekter, manglar djupnad. For all sin 3D og styr, så var karakterane flate, det same med historia. Og ein tar seg sjølv i å lure korleis Hollywood faktisk kan presse ei Jules Verne forteljing så flat og gjere den så uinteressant... nei, det var berre å leggje frå seg 3D-brillene og, etter eit kjapt måltid, finne vegen til Den Nationale Scene.

På teateret var eg vitne til den nye oppsettjinga av Les Miserables, denne fantastiske romanen av Victor Hugo. Versjonen eg såg var ei ny norsk omsetjing av den populære musikalen som har gleda folk i fleire år. Det er eit teikn på Hugo sin styrkje som forfattar at hans verk kan leve vidare i så mangfaldige former over 150 år etter han skreiv det, og den nye norske oppsettjinga er nok eit praktdøme. I første omgang må det nemnast at stykket er framført på velklingande nynorsk, og det passar stykket særs godt. Scenedekoren er ypperleg, og skapar ein herleg verd for stykket å utfalde seg i - og kan definitivt rivalisere og overgå dei fleste effektfilmar når det kjem til faktisk å formidle historia til publikum. Skodespelarane var knupper alle som ein, og med jamnt gode songprestasjonar - noko som ikkje er så dumt når heile historia vert framført i song. Og, ikkje minst, historia kjem godt fram, og vi opplev Victor Hugo si rike verd på eit intimt vis. Du både ler og gret gjennom historiens gong - og helst det første når Helge Jordal i rolla som vertshuseigaren fullstendig stel showet. Det seier ikkje lite om dei andre skodespelarane i stykket at dei i det heile tatt klarte å måle seg med Helge Jordal sin hysterisk morosame skapnad er han vagga inn og ut av scena i kvitbleik sminke og forfallen parykk.

Alt i alt var Les Miserables langt meir tredimensjonal enn det Hollywood hadde prestert å servere meg denne kvelden, inga stor overrasking det kanskje, men moglegeins noko ein må byrje å ta konsekvensen av. Kva tid skal vi byrje å forlange betre frå kulturindustrien? Når det einaste som klarar å redde deira fortolking av Jules Verne er fantastiske effektar og ein tullete Brendan Frasier er det ikkje mykje von.

2 kommentarer:

  1. Høm, jeg ventet nå liksom på at du skulle ta steget videre og diskutere "The Bride Stripped Bare By Her Bachelors, Even"... men denne gangen ei...

    SvarSlett
  2. Pøh! Eg tenkte eg skulle overlate det til deg eg ;-P

    SvarSlett