onsdag 19. november 2008

Herrens andlet

Medan det er dei profetar som helst vil unngå å la seg avbilete, har den gule konge, din kjære mulla, ikkje noko å skjule. Vi meiner det er sunt å la sine tilhengjarar sole seg i glansen av presise avbiletingar av deira læremeistar.
Særleg når det er Den Unge Herr Holm som har stått for kunstverket. Ein makelaus ung mann som har klart å formidle den strålande glansen som bur i din mulla.

De er sjølvsagt alle velkomne til å henge dette biletet opp på altartavla dykkar.

10 kommentarer:

  1. Behold, the face of The Lord! The horror, the horror.

    Men den var nå knasesøt da ...

    SvarSlett
  2. Det måtte jo bli søtt med eit slikt motiv, ja? Søtt og alltvitande!

    Alle burde knele for dette biletet!

    SvarSlett
  3. Veldig fint bilde, må jeg si! Hr. Holm er en flink mann.

    SvarSlett
  4. Trur denne må opp på veggen. Kanskje Hr. Holm kunne laga ein variant for oss lesarar. "Eg føljer den gale mullahen!" eller "Profeten Hastur seier det som det er."

    Så kan vi alle henge bilete opp på kontor og lesesalsplassar, slik at vi kan nikke anerkjennande til kvarandre og vite kva det dreier seg om, mens andre berre undrar seg over kva dette er.

    Og før vi veit ordet av det sender TV2 ein dårleg dokumentar der ein eller annan tulling har opplevd å bli påspandert eit glas vin av ein annan mullah-lesar og meiner at slikt er forferdeleg i det demokratiske Noreg...

    SvarSlett
  5. Det er jo ikkje vanskeleg å photoshoppe inn den teksten sjølv og så printe ut. Om du treng ein høgoppløysings tiff versjon så må du berre seie i frå ;-)

    Personleg så ser eg det som fordelaktig at mine tilhengjarar organiserar seg. Eg vil anbefale ringer, slips og løynde handtrykk òg.

    Ein ekte sufi-orden!

    SvarSlett
  6. T-skjorte!

    Eg vil ha t-skjorte med mullahen på!

    SvarSlett
  7. Kanskje eg burde starte opp att nettbutikken min?

    SvarSlett
  8. Dette med profeter er jo artig. Her til lands har vi mer tradisjon for prester, og når de kom med budskapet om poteten ble de kalt for potetprester. Kanskje du skulle bli en slags potetprofet, like frem en protet?

    SvarSlett
  9. Tja, du trur ikkje likskapen mellom meg og Wodehose sine Roderick Spode vert for framtredande då? Han og hans britiske kner og potetar? "Fellow black shorts..."

    SvarSlett