torsdag 27. november 2008

Klem aldri ein Panda!

At folk aldri lærar.

Klemming er noko vennlege, godslege og gjennomført gode dyr gjer. Som menneske. Pandaer derimot, tolerar ikkje klemming av noko anna slag enn når dei klemmer livet ut av små barn, pinnsvin og elg! Men folk lærar jo aldri, lurt av Pandamoniums propagandaapparat og telepatisk kontroll, så trur dei lettpåverkelege kreka til stadighet at fordi pandaer er store og tjukke, og framstår som milde vesen, så er dei klembare. Dei er ikkje det! Høyrer de? Ein gong for alle - prøv aldri å klemme ein panda.

Bruk litt sunn fornuft, i motsetnad til denne kinesiske studenten, som klatra inn i reiret til pandaen Yang Yang og freista å tjuve til seg litt kos frå den lodne tyrannen. Det endte sjølvsagt med ulukke for den dumdristige studenten, som var heldig med å sleppe unna det heile med livet i behold. Andre har ikkje vore så heldige - tidlegare klemmetrengte menneske har fått hovudet sine reven av i forsøk på å tilfredsstille sine behov med pandaer. Det heile får ein til å undre seg over kva som får pandaer til å ville bruke sine manipulative evner til å gjere oss klemmesjuke i utgangspunktet. Det einaste svaret er at det er ein sjukleg leik. Dei leikar med oss. Vi er som ein hyssing som dei kastar ut og så går til åtak på.

Vi er ikkje anna enn leikety for dei. Medmindre vi gjer motstand vil heile verda snart verte lagt under Pandamoniun, pandaenes terrorvelde. Dei sprer si makt verda over. Og har stor innflyting over presse og politikarar. Frå VG som prøver å leggje skulda på offeret, til våre politikarar som beskytter Pandamoniums interesser. For det er langt i frå tilfeldig at VGs artikkel vert komplementert med lenker til å lære meir om Trond Giske og Jens Stoltenberg - to velkjente Quislingar i Pandamoniums teneste.

Gjer motstand! Ta til våpen! Skyt ein panda!
Gjer det for dine barn og barnebarn!
Gjer det for menneskerasen!

3 kommentarer:

  1. Eg hadde gjort det same! :D Og eg er mykje søtare enn vilken som helst kinesisk student, så pandaen hadde definitivt godtatt meg. Trur eg. Pandamos!

    SvarSlett
  2. Då tar du grueleg feil! Pandaer tolerar ikkje det som er reelt søtt, så dei hadde drept deg utan å nøle!

    SvarSlett
  3. Bibliotekmannen5. juni 2009 kl. 23:28

    agenter for pandamonium http://www.the-peoples-forum.com/cgi-bin/readart.cgi?ArtNum=11986

    SvarSlett