onsdag 26. november 2008

Pludder om Ostara

Eit par nye plater ankom min lille moske i går, deriblant den førre plata til Richard Leviathan og hans band Ostara - Immaculate Destruction. Kritisert av fleire av hans fans for å ha vorte både meir homofilt (som om det er eit problem...) og poppete. Personleg likte eg det, og eg innrøm gladeleg at eg høyrer oftare på hans meir rockete album, enn hans tidlege arbeid i Strength Through Joy. Og singelen hans frå Immaculate Destruction, Red Honey, kritisert som den var, opplev eg som ein typisk Leviathanlåt. Den er fengande, enkel (og kanskje ikkje verdas mest originale komposisjon), men med tekst med dobbelt botn:

No er det ofte tekstane til Leviathan eg faller for, musikken er fin, men neppe nyvinnande. Og her er vel fordelen ved å ha det nokre vel å omtale som "uvanleg" musikksmak. For om det høyrer nokonlunde normalt ut, og tekstane ikkje er openbart på kanten, så kan ein sleppe unna med mykje rart.

For kven veit vel eigentleg kva det tyder å ri tigeren?

No har eg ingen planar om å nytte kvelden på å forklare kvifor eg likar Richard Leviathan, kvifor eg har eit julekort frå han hengjande over PCen eller kva det er som gjer han så spesiell. Du får sjølv prøve å finne ut noko om han om du er interessert. Eg vil berre lene meg attende og høyre litt på nokre av dei geniale låtene han har spytta ut, som Bavaria frå albumet Kingdom Gone.

Eigentleg minner det meg på at eg burde få ut fingen og skrive ein musikkavalkade i år, for alle platene som har ramla ned i postkassa dette året. Det har ikkje vore reint lite.

6 kommentarer:

  1. Og totalt malapropos: Hvorledes gikk den demoniske aften?

    SvarSlett
  2. Det var sjølvsagt veldig moro, og eit bra foredrag. Bra musikk, god drikke og effektivt boksal satt ein spiss på det heile.

    SvarSlett
  3. Mistenker at det er en eller annen tvilso baron der ute som kan forklare hvordan man rir tigrer... Hadde han nå bare kommet så langt at han fikk avfattet en bok om hvordan man rir en panda så hadde vel fremtiden vært reddet...

    SvarSlett
  4. Ja, den godaste Baronen døydde for ung, heilt klart, men eg får ta på meg å skrive "Ride the Panda" ein av disse dagane - Pandamonium in Kali Yuga, the challenge of the ksatriya!

    Forresten, Monsieur Cinque, eg mistenkjer du dukkar opp i eit innlegg snart ;-)

    SvarSlett
  5. Au, følte meg ikke helt trygg nei... Hva er det jeg har gjort denne gangen da?

    Du, jeg har forresten noe annet her som du kan få lage en sak av hvis du vil: jeg fant et hakekors på en tempel-vegg i Shagma :-p

    SvarSlett
  6. Kva du ventar på Monsieur? Send det til meg på mail!

    SvarSlett