tysdag 25. november 2008

Ufrivillig tystnad

Sakna meg no folkens? Er berre å beklage min tystnad dei siste fem dagane. Det hadde seg faktisk slik at eg vart utsatt for eit uventa terroråtak - om det var Pandaer, ansvarleg redaktør i ITpro eller andre uhumske nettvesen som stod bak er usikkert. Eg ante fred og ingen fare då min kjære PC brått skrudde seg av medan eg satt og leika før sengetid. Og det var det... ingen straum. Og medan eg sikkert kunne ha fiksa det sjølv, så er maskina av rimeleg ny dato, så denslags får heller butikken ta seg av. Så no vart maskina pakka ned og sendt avgarde. Og slik er det.

Men kvifor ingen innlegg? Eg har jo andre maskiner eg kunne ha blogga frå. Joda, men eg har vore så travel på kontoret - la oss seie det slik. Og så er laptoppen så... nei, vent, det er fordi alt biletmaterialet og notatane til innlegg ligg på PCen som døde, og eg måtte hente ut data frå den først.

Slik var det. Det var ikkje fordi eg var travel, og hadde lyst på litt skrivefri.

Ikkje i det heile tatt, eg forsakar dykk aldri kjære lesarar. Men no må eg gå, for no er Asbjørn Dyrendal her på kontoret og det er moro på plakaten.

8 kommentarer:

  1. Slik går det når ein lastar ned umenneskelege mengder naziporno. Du har ingen andre å skulda på enn deg sjølve, kjakan.

    SvarSlett
  2. HA! Der ser du kva du veit, det har seg nemleg slik at det ikkje finnes "umenneskelege mengder" denslags... og så har eg nesten alt frå før, så kvifor skal eg gidd å laste det ned att? ;-P

    SvarSlett
  3. Fordi pcen din har krasja :-D Zing!

    SvarSlett
  4. Gjøkunge! Du veit jo at filmane står i arkivet bak meg, trygt bevart for framtidas kulturhistorikarar ;-)

    SvarSlett
  5. Du vil bli hylla som det 21. århundrets Caligula om 2000 år...

    SvarSlett
  6. Hehe, har du ikkje litt høge tankar om meg no? ;-P

    SvarSlett
  7. Har eg? HAR EG?!
    Anyways, synd du ikkje er online på messenger, hadde nokre fine lenker til deg, mellom anna ein Voyage Home Captain Kirk actionfigur som ser ut som Gary Glitter, og ei liste over kvifor They Live! er den beste filmen som nokonsinne er laga.

    SvarSlett
  8. Treng eg ei liste for å prove det? They Live ER berre best!

    SvarSlett