måndag 15. desember 2008

Attende

Javisst, din mulla er attende i moskeen, og rapport frå Barteby kjem snart. Ein omfattande rapport frå turen burde inkludere storarta konsert, vandrande (og entusiastiske) hender på homsebar, vampyrar og vakre kvinner med flammande raudt hår, men eg kjenner meg sjølv godt nok til å vete at eg neppe klarar å inkludere alt det.

Etter ei helg i meditativ transe (ved hjelp av magisk drikke), har mullaen sjølvsagt ein del å fortelje, men hukommelsen er ikkje som den ein gong var. Så vi får berre vone at innan eg klarar å rive meg laus frå arbeid og julestress så har ikkje alt forsvunne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar