torsdag 18. desember 2008

Det klirrar i knoklar att!

Det er jul, og årets første julegåve er på plass allereie! Klar til å opnast allereie i dag og nytast resten av juletida. Det er ei gåve frå alle oss til alle dykk som ein grashoppe i si tid var kjent for å seie.

Kan du ikkje høyre det klirrer i kassa? Ein umiskjenneleg klang av råtne knoklar? Vi har æra av å presentere eit nytt nummer av Knokkelklang, Noregs framste tidsskrift for... knoklar og slikt.

For å ringe jula inn presenterar vi i dette hittil andre nummeret av Knokkelklang eit skamlaust langt intervju med sjølvaste julenissen. Det er sjølvsagt ikkje alt; Redaktør Arnfinn Pettersen, sjølverklært vampyrolog, tar fatt på duellen Dracula versus Vlad Tepes! Same redaktør har i all sin frekkhet tatt på seg å omtolke G.K. Chesterton sitt dikt Elegy in a Country Churchyard. Du kan òg kose deg med ein nyoppussa artikkel frå Didrik Søderlind om korleis jorda vart flat i 1828 (og ikkje før). Og sist, men absolutt ikkje minst, har Bjørn Are Davidsen tatt på seg å fortelje deg alt du treng å vete om Emerson, Lake and Palmer sitt album Brain Salad Surgery frå 1973. Albumet som for alvorleg gjorde kunstnaren H.R. Giger kjent for allmenheten.

Vi er med andre ord klar for å gjere resten av jula til eit anti-klimaks! Vi har gjett deg årets beste gåve, årets store høgdepunkt allereie no. Ei veke før julaften. Frekt, men sant.

Gå og les!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar