onsdag 17. desember 2008

Ein Adolf til besvær

Lite visste Heath og Deborah Campbell at det skulle medføre så mange problem å oppkalle son sin etter Besteforeldras store førebilete, Adolf Hitler. I tre år på råd har det lokale bakeriet nekta å dekorere kaken til son deira med namnet hans, sjølv ikkje i år når foreldra prøvde å distrahere frå namnevalet ved å bestille eit såkalla hakekross, eller sanskrit swastika. Faren er sjølvsagt særs sjokkert over måten son hans vert ekskludert på, og stiller opp i familiens gamle marsjstøvler som tenestegjorde ærerikt i Adolf Hitlers teneste.

Heath Campbell hadde venta at verda hadde komt seg vidare, og klarte å sjå forbi trivielle problem ein skulle hatt med den eksentriske tyske Føraren. Obama vart valt inn på slagord om "Endring", men kvar var endringa som Heath og hans son Adolf Hitler hadde vona på? Den liberale, og opensinna Heath Campbell hadde invitert alskens raseframande element til barnets fødselsdag, der kaka med hakekrosset skulle serverast, og er forståeleg nok sjokkert over at folk insinuerar at han skal vere nære rasistiske sympatiar.

Rett nok hadde Heath blitt oppdratt av sine tyske foreldre til ikkje å omgås mørkhuda og andre mindre germanske framtoningar, men sjølv hadde han store planar om å oppdra Adolf Hitler til å vere minst like tolerant som han sjølv overfor desse. Han skal til og med få vere venner med mørkhuda fortel faren, det bryr han seg ikkje om.

Så det vi står overfor her er med andre ord eit klassisk tilfelle av intolerante menneske som vil nekte eit barn kake berre på grunn av hans opphav. Det er direkte smaklaust, og nesten rasistisk. Smekk på lanken til verdas bakarar.

Kva tid skal vår liberale draum gå i oppfylling? Kva tid skal slik intoleranse verte utrydda ein gong for alle?

Tenk om min son Benedict Adolf Innocent skulle måtte oppleve det same? Heldigvis bakar vi kakar sjølv her i vår bunkers! Dvs... når vi ikkje et hermetikk då, i påvente av den komande rasekrigen som følgje av finanskrisa.

5 kommentarer:

  1. ...he? Skulle ikke sønnen din hete Josef Barrabas?

    SvarSlett
  2. Ja, min første son så! Min andre son er Benny-guten! ;-)

    SvarSlett
  3. Eg syns du er vågal som utbasunerer dine kjæraste namn på denne måten. Tenk om nokon i vennekretsen brukar dei først. No har riktignok Ingrid og Erlend gått for det meir tradisjonelle Magnus, men det er vel ikkje for seint for dei å snu...

    SvarSlett
  4. Skal eg ikkje stole på mine venner kanskje? Eg er meir nervøs for framandfolket skal stele min gode smak.

    SvarSlett