torsdag 11. desember 2008

Eit fly kjem inn for landing

Eg har endeleg fått min kjære PC att, etter at den sovna inn her forleden. Det har vore ei lang og hard ventetid, men i dag kunne eg altså kople den opp. Og vel... for å gjere ei kort historie lang så var det ein merkeleg ironi det heile.

I morgon skjønner de, så skal eg ut og reise med fly. Fly lagar mykje lyd, og det er difor flyplassar skal plasserast litt utanfor bolig strøk.

Liknande reglar burde gjelde for denslags viftar som verkstaden har plassert inn i maskina mi, for lyden eg høyrde då eg skrudde på maskina var mistenkjeleg lik den av eit fly som enten letta eller kom inn for landing. Lyden er så høg at eg ikkje kan høyre på musikk når maskina står på faktisk.

Eg må ærleg innrømme at eg fann det heile ein ganske så skuffande oppleving, og eg har gjort verkstaden merksam på dette, og eg tenkjer eg skal ringe dei i morgon før eg reiser om eg får tid. For i morgon formiddag så sett eg meg på flyet til Barteby for å vitje venner, gå på konsert, og opparbeide meg ein god promille.

Det må ein vel kunne like?

5 kommentarer:

  1. Udmerket. Du ha maskin. Men få knoklet artikkel om ikke lenge?

    SvarSlett
  2. Eit langt juleepos er knokla, og kjem i dine hender. Skal berre hente klesvasken først.

    SvarSlett
  3. Det der hørtes mistenkelig ut som den macen jeg brukte på skolen da jeg gikk på medialinja.. Han som satt ved siden av meg pleide å kjefte på meg, som om det var min skyld at makkverket hørtes ut som det skulle lette hver gang jeg hadde mer enn et program åpent. :p

    SvarSlett
  4. Eg mistenkjer at denne er verre, eg har aldri høyrd på maken. Og eg har høyrd ein god del bråkete maskiner i mi tid.

    SvarSlett
  5. Huff, bra du fikk ordna det. :)

    SvarSlett