fredag 5. desember 2008

Eit tvilsomt oppdrag

Den godaste Arnfinn Pettersen har klistra ei heller utriveleg oppgåve på meg. Eit meme. Ein bisarr form for cyberlore og kjedebrev der ein skal først utføre ein eller annan meiningslaus oppgåve, før ein sender oppgåva vidare til andre bloggarar eller nettvesen. Av prinsipp så deltar eg ikkje, og dette har dei fleste fått med seg og ber meg difor ikkje delta... men herr Pettersen er ikkje ein av dei, så her sitt eg med ei klam kjensle av at eg skal utlevere meg sjølv på nettet. Om ikkje keisaren var naken, skal han no avkles... for etter å ha omsatt oppgåva til normalt språk, så framstår ho slik;

1. Du må lenke til bloggen som tagga deg. 2. Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv. 3. Tagg fem andre bloggar, la dei vete det ved å kommentere på deira blogg.

Javel, la oss sjå... eg kan ikkje love dykk at det som følgjer er nytt for mine lesarar. Eg har tross alt blogga i over fem år, og den harde kjerna av lesarar kjenner meg vel nok frå før... men her er altså mine svar:

* Eg stilte som ordførarkandidat i ein meir enn enn gjennomsnittleg kjent vestlandskommune. Eg tapte overfor ein valdtektsmann utan hake - to gonger.
* Eg har hatt eit tidlegare medlem av RAF - Baader Meinhof - som forelesar då eg var student.
* Eg takka nei til å gifte meg med den 15 år gamle dottera til eit medlem av polittbyrået i det ulovlege kommunistpartiet i Sudan. Akk, eg var ung og dum, greit? Faen tykje.
* Eg drøymer om å få meg eit hus med eigen minaret, og hønsegard med piggtrådgjerde og lyskastarar.
* Eg har bøker av Oswald Mosley på mobilen for å lese på lange bussturar, men eg foretrekk å høyre opptak av hans talar.
* Eg såg The Sound of Music for mange gonger då eg var liten, og eg lurar eigentleg på om eg hadde vore meir veltilpass om mine foreldre hadde latt meg sjå Rambo og Cobra.

Det får vere nok utlevering for denne gong. De får heller vente på detaljane i biografien min når eg får skreve den ferdig... og om eg finn ein utgjevar (om de kjenner nokon som vil utgje noko slikt, så gje ein lyd, ja?). Dei som må bere fakkelen vidare er jbq, J-girl, Kristin, Barbro og frk Skavlan. Og eg ber dykk med litt bisarr skriftmål om å gjere dette på korrekt nynorsk.

Ferdig, kan eg gå no, Arnfinn?

4 kommentarer:

  1. Nå kan du gå og leke. Men hvor har du fått det fra at jeg ikke har fått med meg at du av prinsipp ikke deltar? Vet jeg vel. Men jeg vet også hvor mye tillitt man kan ha til prinsippene dine ...

    Og jeg er ikke i tvil om at man i vestlandskommunen valgte rett. Skjønt det var kanskje flere onder å velge mellom?

    SvarSlett
  2. Eg likar å tru at den kommunen kanskje ikkje hadde kasta vekk pengene sine på børs om dei hadde valt meg...

    Mine prinsippar står fast.
    Ein stad.
    Veldig fast.
    Eg har ringt brannvesenet.

    Kan du ringe sjefen min og seie at eg kan gå ut og leike då? Ho har fått det for seg at eg skal gjere ferdig nokre greier. Det tyder overtid det gitt ;-P

    SvarSlett
  3. Jeg gjør som du befaler, oppdrag utført..

    SvarSlett