tysdag 2. desember 2008

Fangane i...

Eg satt og teoretiserte om ein tur til Turkmenistan, i lag med ein av mine medsamensvorne, då vi vart gjort skrekkeleg klar over namnet på hovudstanden i dette mystiske landet. For kvar elles enn Turkmenistan vil hovudstaden ha eit namn som vekker dei same fengslande assosiasjonane som Alcatraz, Sing-Sing og Grini. Turkmenistan, landet der Rukhmana har høgare posisjon enn Koranen og ein mekanisk skulptur av boka minnar folk på dette kvar kveld (med eit lys og lyd show). Her er alle fangar, fangar av Ashgabat. Som openbart må vere det turkmenske namnet på Azkaban, det frykta fengselet i Harry Potter-bøkene (som eg framleis ikkje har lest), der alskens trollske skurkar vert oppbevart.

Når vi har planlagd tur til Turkmenistan har vi gjerne hatt i tankane at det vil vere ei utfordring i å få beggje ut att når vi har gjort det vi skal. Litt meir urovekkjande er det gjerne å lære at hovudmålet for reisa faktisk er eit magisk fengsel.

Likevel tar vi utfordringa; Kan vi tilbringe fleire dagar i Turkmenistan utan å fnise av Rukhnama eller bileter og statuar av Turkmenbashi? Eg er skeptisk. Sjølve flyturen vil koste oss 10 000 tur retur per hovud - er det nokon som har donasjonar?

Forøvreg meiner eg at Turkmenistan bør bombast.

3 kommentarer:

  1. Joda, det kan dere! Det er nemlig desperanter i Azkaban, og de suger all livsgleden ut av en, og da blir det vanskelig å flire!

    SvarSlett
  2. Ah. Det kan jo forklare situasjonen der borte ;-P

    SvarSlett