onsdag 31. desember 2008

Gamalt og nytt, Putin og Obama

2008 er snart over folkens. Er du klar for det? Vi har høyrd mykje om endring i det siste, for her i Europa og særleg lille Noreg er vi veldig nøgde med den komande presidenten i USA. Vi har kasta oss på hans slagord om "Change" og sitt her og held pusten med håpefulle blikk (ikkje lett å kombinere, men vi klarar det faktisk). Obama er den nye garden, eit friskt pust som blås vekk den gamle politikken... eller?
I eit desperat forsøk på å vinne respekta til hans meir harde motstandarar har han tydlegvis kasta skjorta. Men kven ville du satt pengane dine på? Ja, så klart Obama har ein veltrent, for ikkje å seie velforma, kropp som henta rett ut frå ein actionfilm, og hans mørke hud kan gje eit uttrykk av sunnhet stilt opp mot den bleike russiske huden til vår helt Putin.

Eg trur Obama må mane opp meir enn spinning og vektløfting for å hamle opp med den russiske bjørnen han prøver å utfordre med dette. Han må finne urmannen i seg sjølv for dette... og den tvilar eg sterkt på at han har. Som denne videoen prover, så er det ikkje mykje kamp i denne fyren;

Nei, meir ein elskverdig bruktbilseljarar. Og alle veit at russiske bjørner gjerne et bruktbilseljarar til frukost.

Så neste gong du sett deg ned for å dyrke ved Obamas altar, så hugs på det at det finnes alltid nokon som er høgare i matkjeden, og at du kanskje heller burde dyrke han. Og hans namn er Putin.

Han var vår mann i 2008. Og han er vår mann i 2009.

Godt nyttår folkens, og takk for det gamle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar