onsdag 3. desember 2008

ITpro - eit mobbeoffer

ITpro, og då særleg deira ansvarlege redaktør Frank Aune, er visstnok mobbeoffer. Vi var ikkje åleine her i å reagere på at dei avslørte planar for underjordiske nettverk av bunkerser i Kongeriket Noreg, og det har ikkje mangla på hetsen. Fleire moderatorar ved ITpros forum har den siste tida toa sine hender av den øvrige leiinga, og gått frå sine stillinger i protest. Det heile toppa seg med ein kreativ demonstrasjon frå medlemmar av Norsk Freak Forum (NFF). Eit nettverk dedikert til trivelege ungdomsaktivitetar som knarking og hacking, som sjølvsagt ikkje er Onkel Politis best venn. Eit par medlemmar der tok kontakt med ansvarleg redaktør Frank Aune hjå ITpro etter å ha sett hans grundige kjeldegransking i nettblekka si, og hevda å ha prov for at KRIPOS stod bak NFF, og nytta nettverket til å kartleggje det kriminelle miljøet. Etter eit par runder, og nokre lett plasserte spor var ansvarleg redaktør Frank Aune på kroken (Dei keisame tekniske detaljane kan nerdar lese her og her). Han tok saka, for hans jobb var å rette søkjelys på slike kritikkverdige forhold i samfunnet. Resultatet var ein av hans sedvanlege avslørande artiklar på framsida av ITpro.

Dette er jo rette tidspunkt å avsløre den store spøken. Til den ansvarlege redaktøren sin store frustrasjon. Nokon hadde utnytta hans naivitet og manglande journalistiske teft, og dette fall verkeleg ikkje i god jord. Og når dei var frekke nok til å påpeike det, venta ikkje reaksjonen på seg. Diskusjonar vart stengt og truslar om søksmål vart slengt ut - for dette var tross alt sjikane. Sistnemnte vart til slutt trukken av den ansvarlege redaktøren, men skada var allereie gjort. For nerdar over heile Kongedømet Noreg satt no og fniste og flirte, og det gjer dei vel enno tenkjer eg.

Stakkars... Frank Aune vert mobba gitt.

2 kommentarer:

  1. Eg trekk kommentaren min frå førre innlegget ditt, eg vil heller bruke den her:

    Uh-oh, Spaghetti-Os!

    SvarSlett
  2. Er det berre eg som er for trøytt til å forstå den?

    Uansett, g'natt.

    SvarSlett