torsdag 25. desember 2008

Juleønskjer

Jula er over, og jula held fram. Dei av oss som er omringa av familie drøymer seg no vekk frå mat, drikke og skrikande born, medan dei av oss som er åleine ønskjer seg familieidyll. Og så er den tredje gruppa då, dei som speler litt for mykje World of Warcraft, Everquest og Age of Conan, dei drøymer seg vekk til sine respektive sosiale grupperingar. Til dei har The Guild følgjande julehelsing;

Ja, dette var fjorårets helsing, det skal eg innrømme, men eg fann ikkje årets nydelege attforteljing av "the night before christmas", med intens kamp mot julenissen, på Youtube. Den ligg der ute på MSN og Xbox Live, men de får leite etter den sjølv.

Men andre har jo òg sitt å fortelje folk i denne juletida, monarkar og statsleiarar sett seg i disse tider framfor kamera og mikrofon og vil matche pavens tradisjonelle visdomsord. I England skal drottninga kome med nokre overveide ord på BBC, på rivalkanalen Channel 4 vil Irans president Ahmedinijad kome med sine ønskjer om fred i verda. Han meiner at Jesus, om han levde i dag, ville ha kjempa for kjærleik, rettferd og andre godsaker, og mot krigshissarar og eksansjonistiske statsmakter. Han hevder at vår tids krigar vert satt i gang av statsleiarar som har vendt ryggen til sann religion.

Men hans motstandarar vil nok ikkje høyre anna enn uforfalska jødehat og skjulte trugsmål mot verdsfreden. Det er jo klart, det er vanskeleg å høyre noko over lyden av amerikanske sabotasjeaksjonar og valdsaksjonar innanfor Irans grenser.

Han er ikkje åleine om å ville seie sitt til folket i juletida. Det vil din lokale mulla òg, så sett deg ned og lytt - tygg gjerne på marsipan - så lover eg å vere kort;

Riktig god jul godtfolk. Det vert ikkje fred til neste år heller. Lev med det. Så godt de kan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar