tysdag 16. desember 2008

Sieben hjå Hellfire Club / Metro

Då eg tidlegare i år vart kjent med at Matt Howden skulle spele under namnet Sieben hjå ein av Trondheims gothklubber no i haust var det ikkje noko spørsmål om kor vidt eg skulle dukke opp. Eg har sjølv lenge tenkt tanken om å invitere han til landet, og medan det sjølvsagt ikkje er ideelt at folk i Barteby kjem meg i forkjøpet, så er det ingen grunn til å gå glipp av hans første opptreden i Noreg. Howden har i fleire år markert seg som den dyktigaste felespelaren i det lause neofolkmiljøet, og har mellom anna samarbeida mykje med Tony Wakeford, deriblant som fiolinist i Sol Invictus.

Howden vekslar i musikken mellom meir minimalistisk og tradisjonell felespeling og konstruksjonen av ein massiv lydvegg som folk gjerne nekter å tru kjem frå ei fele. Dei fleste av hans plater har tendert mot flyktige tankar og poetiske vendingar inspirert av natur og esoterisme, men hans førre plate Sieben - Desire Rites tok han i ein særs personleg retning. Raske rytmer, intense lyder og tekster rett frå hjartet og Howdens privatliv gjer at plata tårner over det meste anna han har bidratt til som ein unik personleg reise. På tross av at han er åleine på scene og i studio, høyres det likevel ut som langt fleire menneske. Ved hjelp av kreativ bruk av fela og ein looppedal programmerar mannen eit heilt orkester av lyd. Dette overraskar ikkje så mykje på plata, men når ein veit at dette vert gjort live - så må ein nesten sjå det.

Og konserten skuffa ikkje. Hellfire Club haldt for høvet til på Metro, det som visstnok er Trondheims einaste homsebar. Eit intimt lite lokale, med hyggjeleg personal, satt ein høveleg scene for konserten. Publikum kunne oppleve at Howden var midt i blant dei, særleg gjaldt det dei av oss som hadde stilt oss heilt ved scenekanten som oppretthaldt ein dialog med gjennom heile konserten.

Det var noko heilt eige å oppleve å ha fela hans berre eit par centimeter frå andletet under dei meir intense passasjane, då Howden med eit glis lente seg mot oss. Og rykta om hans heftige musikkprogrammering på scena var ikkje overdrevne. Fleire gonger braut mi sidekvinne ut i begeistring; "Eg ser han gjer det, men eg anar ikkje korleis! Det er ikkje mogleg!"

Sin låge høgde til tross framstod Howden som ein mektig trollmann på scena, og det heile vart intet mindre enn ei magisk opptreden. Ved å hamre på fele og streng, gneke skjeggstubber mot og generelt opptre som ein galning med fela klarte han å trollbinde meg og resten av publikummet som hadde møtt opp. Han hoppa mellom spele gamalt og nytt, og inkluderte òg utdrag frå ein av dei neste platene (han kunne fortelje meg at han faktisk hadde to nye plater ferdige, som skulle kome ut i overkommeleg framtid). Om han kom ut av oversikta i spelelista si (ikkje alltid like lett det, nei) så spurde han like godt oss ved scenekanten om kva låter han hadde spelt eller ikkje. Då konserten var over spurde han med eit lurt smil; "Skal eg gå og gøyme meg bak forhenget no?" Før han gjorde nett det, i knappe 30 sekund før han hoppa ut att og slo til med dei obligatoriske ekstranummera. Det knallsterke repertoaret og enorme talentet til tross så framstod Howden som ein audmjuk og upretensiøs herremann, som koste seg med å leike med sitt publikum. Han hadde tidlegare på kvelden fortald meg at tidlegare i år hadde han gleden av å spele for 80 eldre fruer på ein graseng ein stad på kontinentet. Han smilte nøgd medan han fortalde dette.
Dette er på sett og vis essensen av artisten Matt Howden og korleis han transcenderar sjangrar og kan nå ut til vidt ulikt publikum. Neofolkstempelet er ikkje godt nok eller dekkande for å forklare musikken til Howden, ei heller andre artistar i miljøet. Dette var eit av temaene vi prata ein del om både før og etter sjølve konserten. Eg greip snøgt tak i han (og det siste attlevande eksemplaret av The Murky Brine, ei plate han spelte inn i lag med Tony Wakeford), då eg ankom lokala og fekk gjort ei avtale om intervju. Dette skal finne stad på eit seinare tidspunkt, men eg innser jo at eg like godt kunne tatt det på sjølve kvelden, for vi haldt samtalen gåande frå der og utover, og vandra innom både inspirasjonskjelder, erfaringer frå turnear og felles kjente i det såkalla neofolkmiljøet. Meir av dette trur eg vil kome i intervjuet, og etterkvart vil vi jo òg finne ut om han vil kome til Noreg att til neste år. Hittil hadde han spelt 65 konserter over heile Europa, i tillegg til å ha eit pågåande kurs med folk i alle aldre 4-5 dagar i veke om det å vere artist. Her undervisar han i korleis komponere, skrive låter og å opptre med publikum innanfor alle sjangrar, så vi snakkar om ein travel mann, og det var fullt forståeleg at skuldra hans ikkje var så god no på tampen av året. Verre var det at han hadde brote tre ribbein på ein konsert nyleg - ikkje lett med Rock'n'Roll gitt.

Eg vil berre takke Matt Howden for ein fantastisk konsert, Hellfire Club for å ha arrangert det heile, og Metro og dets sjarmerande klientell for å ha krydra min aften med inspirerande møter og nye kjenskaper.

2 kommentarer:

  1. Aller viktigst: Fikk du susset Frode fra meg? ;)

    SvarSlett
  2. Eg fekk overbragt dine helsingar i alle fall, om det var med lepper, tunge eller ei hand på rumpa får du overlate til fantasien ;-)

    SvarSlett