måndag 22. desember 2008

Sprengt kvalkjøt

Har du eit problem med kvaler som ligg og sleng på strandtomta di? Døde og levande? Usikker på kva du skal gjere med dette? Vel, erfaring (og påfølgjande video) demonstrerar at å sprenge skrotten ikkje gjer oppryddingsarbeidet lettare;

Ein burde etter dette vere var på at om ein skal sprenge ein kval, så er det lurt å ha hjelm eller vere kjapp til å springe for flygande kvalkjøt er dødlege greier. 12 november 1970 er ein dato vitnene neppe vil gløyme.

Lite visste Sambo som tipsa meg om denne videoen, at det har vekst opp ein eigen subkultur rundt dette fenomenet. For medan kvalsprenginga i Oregon i 1970 kanskje er det mest kjende, så er det ikkje det einaste tilfellet av sprengt kval der ute. Det mest merkverdige tilfellet dei siste åra fann stad i byen Tainan i Taiwan, i 2004. Og det hende ikkje på ein strand, men midt i ei gate, midt i byen! Korleis? Vel, ein ting er når driftige politikarar byrjar å leike med tankar om sprengstoff for å løyse problema deira, noko anna er det når naturen gjer sitt.

Som de kanskje har lært på skulen, så innebærar forvitringsprosessen at bakteriar florerar i skrotten og bryt den ned. Medan bakteriane boltrar seg over lengre tid i ein kvalskrott vil resultatet av deira arbeid, gass, fylle opp hulromma i skrotten. Og dette presser veske og kjøt ut av hulromma. I dei fleste tilfeller vil dette ta form av at skrotten eser ut. Dette kan du òg sjå på menneske, så neste gong du har eit lik i hagen, la det liggje ei stund for å sjå denne effekten.

I januar 2004, i Taiwan, var ein slik kval under transport gjennom Tainan. Det enorme trykket innanfrå, og den ekstra påkjenninga av transporten, gjorde at kvalen sprakk. Og blod og råtne involler flomma ut i gata og opp i lufta og dekka den nærliggjande gata, bilar og fotgjengarar.

Dei hadde sikkert gjort lurt i å gå med regntøy den dagen.

For å lære meir om dette fenomenet anbefalar eg ein tur innom TheExplodingWhale.com.

4 kommentarer:

  1. Jeg minnes at Thore Hansen i sin tid skrev om "De flyvende hvalers land". Kan det ha hatt med dette å gjøre?

    SvarSlett
  2. Det veit eg ikkje, eg gløymde heilt å spørre han om det tidlegare i år ;-)

    SvarSlett
  3. Thore Hansen er gud. Gud er tykkladen og har hvalrossbart.

    SvarSlett
  4. God Jul til alle bloggerne i rss-feedene mine! Håper dere skriver til dere blir 100 år!

    SvarSlett