laurdag 6. desember 2008

Språkleg ulydighet

Min venn Sambo, vidkjent som min og andres byrde, gjorde meg i går klar over at eg jobbar for ein lovbrytar. Korleis skal eg stille meg til det? Som mulla er eg forplikta til å gå foran som eit godt døme for andre. Særleg når det kjem til å følgje norsk lov. Difor er det tungt å ta innover seg realiteten at min arbeidsgjevar ikkje berre er ein kaldblodig skurk, men at eg uvitande har bidratt til det kriminelle arbeidet frå mitt lille kontor.
"Me er ikkje akkurat kjempelei oss"
Er det direkte sitatet frå nokre av dei hovudansvarlege då BT konfronterte dei med at dei hadde vorte ferska i udåden. Og eg klarar ikkje å kjenne den heilt store skammen eg heller, det er problemet, og eg veit det er feil av meg. Det er same lova vi held andre til - og vi er forargra for at politi and bryt den, så kvifor er vi så villige til å gjere det sjølv? Sjelegransking er på sin plass kan det sjå ut som, men fram til vi har ein reell konklusjon på det heile, får vi skrive det opp som noko så vidløftig som sivil ulydighet.

Vi bøyer oss ikkje for det tyranniet i Oslo, vi nektar å føye oss, vi kjempar ein god sak og må nytte dei midla vi har tilgjengeleg. Vi forlangar å kunne skrive på nynorsk, og det gjerne på bekosting av bokmålet. Så når Universitetet i Bergen no får på pukkelen for å ikkje ha oppfyllt kravet om minst 25% bokmål, så ristar vi det av oss. Hey - vi har kjøpt kvoten til politiet og alskens departement i Oslo, la oss seie det slik!

Vi gjer motstand! Målfolk, forein dykk!

3 kommentarer:

  1. Ja, kjøp og salg av kvoter er kanskje løsningen her? Om det funker for klimautslipp, så må det da kunne funke for målføre også.

    SvarSlett
  2. Ja, marknadsliberalismen er utvilsomt løysinga. Her som alle andre stader! Hill Mammon! :-D

    SvarSlett
  3. Eg merkar at eg likar universitetet veldig mykje, plutseleg. Fine folka!

    SvarSlett