tysdag 16. desember 2008

Å stele snop frå born...


... er det EA gjer når dei til neste år kjem med The Sims3... for kven vil vel ikkje nytte livet sitt på å styre andre sine virtuelle liv? Få! No!

14 kommentarer:

  1. "for kven vil vel ikkje nytte livet sitt på å styre andre sine virtuelle liv?"

    Eg. The Sims er jentespel. Skam deg og kom deg attende til Fallout3 og Red Alert!

    SvarSlett
  2. *fnis*

    Eg er trygg på eiga seksualitet og gler meg som ei lita jente til Sims 3 :p

    SvarSlett
  3. Kjekt å sjå at ikkje berre eg er trygg nok i min elles så forvirrande seksualitet til at det å spele Sims 3 ikkje er avskrekkande. Dette vert moro.

    Elles finn eg det urovekkande at nokon i disse dagar vil snakke om jente- og gutespel, med tanke på at jenter no utgjer 50% av dataspelentusiastar i følgje fleire ferske undersøkjinger.

    SvarSlett
  4. Mhm... jeg trenger fremdeles ny pc til å spille Sims 3 på.. Få! NÅ! - Gledespiken.

    SvarSlett
  5. Har du hugsa å ønskje deg ein til jul? ;-P

    SvarSlett
  6. For all del, de og alle dei andre dataspelande jentene der ute må endeleg kose dykk med verdas mest meiningslause og keisame spel. Så kan resten av oss drikke øl og skyte på ting i Fallout3.

    SvarSlett
  7. Det gjorde eg før i dag, og eg fann ein kjempefin hatt eg kunne gå med. Nett som i Sims ;-)

    SvarSlett
  8. Den går sikkert kjempefint med museflettene dine. Zing!

    SvarSlett
  9. Ja, du det var modent du, mobb meg for at eg er skalla og ikkje lengre har musefletter! No får du ingen lapdance til jul ;-)

    SvarSlett
  10. Men vi vil jo gjere alt det: Drikke øl, skyte på ting, leike med simmane våre, ta over verda, fly romskip og hakke hovudet av pikter!

    Det er berre så altfor lite tid til å nå over alt. Evt. går altfor mykje tid vekk på jobb. Men no er det snart juleferie. Mohahahaha!

    SvarSlett
  11. Vurderar sterkt å ta ein sånn derre juleferie som eg har høyrd så mykje om, men det er mykje å gjere på kontoret.

    Fekk tatt ein spasertur i omegna til Washington DC i går då... fann ein besynderleg lita bygd der alle var fæsleg glade. Lurar på kva som er i kjellarane deira... Fallout 3 er nesten som Sims.

    SvarSlett
  12. Speaking of, julegåva di kjem nok ikkje fram til jul, den er bestilt frå Utlandet, og vert ikkje formelt sluppen før på fredag, så fint om du kan ringa heim og be mor og far din utsetja julekvelden til den kjem fram.

    SvarSlett
  13. Eg skal sende dei ein SMS om det.

    Speaking of which. Har eit par pakkesanger til deg òg unge mann. Vi får prøve å treffast før høgtida.

    SvarSlett
  14. Vi skal vel sjå Die Hard? Elles blir det jo ikkje jul.

    SvarSlett