måndag 1. desember 2008

Svin på skogen

Ifølgje Adresseavisa meiner FrPs Solveig Horne at det eigentleg burde vere avskrekkande for muslimar at ein i norske fengsel kan få servert svin ved uhell. For dette burde dei ha tenkt på før dei begjekk sine svinske lovbrot.

På eit punkt må eg seie meg samd i henne, hadde dei fulgt Koranen hadde dei nok ikkje hamna i den uheldige situasjonen å verte lurefora med svin i fengsel, men ville ho ha sagt det same om vegeterianarar? Vegeterianisme er ei overtyding, det som islam, og vert tydlegvis respektert. Islam står visstnok i ein særstilling sidan deira matpåbod ikkje eigentleg burde følgjast.

Hennar argument; det er mange som ikkje kan ete Halal-mat heller. Nei, det er sant. Det er heile 5000 sikher i Noreg, og dei fleste av dei vil nok halde seg til den regelen (sjølv om det ikkje er eit absolutt forbod for den gjengse Sikh)... men har nokon fortal Solveig Horne at òg Sikher er innvandrarar?

Men kanskje har ho rett? Kanskje burde ein rekne det som ein del av straffa? I såfall meiner eg at det er urimeleg å drive forskjellshandsaming; vi må tvinge kjøt på vegeterianske forbrytarar og sukkerbitar til diabetikarar. Det vil vere avskrekkande det!

2 kommentarer:

  1. Regner med du er ironisk her så jeg skal ikke kommentere utover at å påtvinge diabetikere sukker faktisk kan påføre dem store helseskader og endog død. I motsetning til svin og kjøtt som i verste fall ikke fører til noe mer enn sjelekvaler.

    SvarSlett
  2. Ja, det burde dei jo ha tenkt på før dei vart slemme lovbrytarar :-D

    SvarSlett