fredag 5. desember 2008

They Live (again!)


Jbq har allereie nemnt det, så eg treng sikkert ikkje seie noko... men eg må få det ut likevel! Kva er det dei tenkjer på der borte i Glitterbyen? Forresten, du treng ikkje svare. Vi veit kva dei tenkjer på. Profitt. Og sidan dei lider av kreativ uttørking, og er kontrollert av stagnerte sinn i sjefstolar og marknadsavdelingar, så kjem det ikkje mykje nytt der i frå. Kvifor satse på noko nytt, når ein har noko som tente penger i fjor, for ti år sidan eller for tjue år sidan? Det er to argument eg ser for meg dei nyttar. For det først at folk ikkje har evne til å hugse over lengre tid det mølet dei vert servert, kven har vel høyrd om filmar frå 80-talet? For det andre at det som tel er innpakkinga, dvs effekter og fancy stilisme, og då speler det inga rolle at dette verken er interessant eller sjarmerande.

Resultatet er at filmar som ein gong fryda publikum no vert regurgitert. Fråtatt all sin sjarm, og eventuelt kontroversielt innhald. Ingen respekt vert vist det faktum at ein av grunnane til at noko i si tid var vellukka var at det vågde å vere annleis, for dei delane må fjernast, til fordel for det lett fordøyelege og lett underhaldande. Minste felles multiplum. Eg er frustrert!

Kvifor? Fordi desse neandartalarane trur det er ein lur idè å spele inn John Carpenter's They Live på nytt! Ein av 80-talets beste filmar, som tok Reaganismen på kornet og var Matrix mangfaldige år i forkjøpet på å avsløre den falske røynda vi omgjev oss med. Klassisk marxistisk teori med russisk nihilisme (Bakunin, folkens) på slep, men utan skinnfrakker og distraherande effekter - alt du treng er solbriller og ein god replikk!

For all del, det er mogleg å lage ein god nyinnspeling - det har skjedd. John Carpenter's The Thing er ein overlegen nyinnspeling av ein heller fornøyeleg svart kvitt skrekkfilm for evig forvist til seine nattestimer på rare kanalar. Og la oss innrømme det, nyinnspelinga av John Carpenter's Assault on Precinct 13 var ikkje så dum - den hadde ei forteljing, noko eg leita lenge etter i den deilig dystopiske originalen.

Men likevel? Er det nødvendig å spele inn They Live på nytt. Eg har sett den om att i nyare tid. Den held framleis, og bodskapen er minst like aktuell no som då, verda er framleis skakkøyrd, og det er all grunn til å vere paranoid til tider (berre du ikkje byrjar å lytte til Alex Jones & co). They Live er eit av Carpenter sine store verk, der han på sitt sedvanlege og meistarlege vis demonstrerar korleis ein kan lage ein breid film med smal bodskap. Ein film full av action, testosteron og one-liners, og nok av material for akademikarar og filmkritikarar å godte seg med, medan almuen ler og drikk øl. Det er dette Carpenter gjer best, og som ingen lenger klarar å gjere i Hollywood. Difor er eg uroleg... difor er eg frustrert. Det er simpelthen unødvendig.

Men tida vil vise... i mellomtida så er eg her, og eg er her for å tygge tyggis, og sparke rumpe. Og eg er tom for tyggis.

3 kommentarer:

  1. Eg føler eg må kommentere her, om ikkje for anna enn å gi mi fulle tilslutning. Makan til klovnar skal ein leite lenge etter. Dei som styrer i Hollywood for tida, ja.

    Oppfølgjarar og remakes er alt dei klarer. Jo, og så filmar basert på kjente bokseriar og dataspel. Slik at ein kan lage oppfølgjarar og ikkje treng tenke ein einaste original tanke.

    SvarSlett
  2. Lista over unødvendige nyinnspelingar som står på plakaten er evig lang... og ikkje særleg overraskande så står ikkje the Phantom Menace på nokon av dei.

    Det er skummelt lite nytenkjing på gong, og eg sitt lenge og ventar mellom kvar film med litt ballar eller brodd.

    No vil eg heim, skru av lysa, sette på They Live og sutre. Det er når Hollywood gjer slikt at den filmen virkar truverdig.

    SvarSlett
  3. The Phantom Menace er vel framleis for ny, men kan vi ikkje sjå for oss at ein viss sci-fi-klassikar frå 1977 snart kan få ein verkeleg remake? Grøsse...

    SvarSlett