tysdag 9. desember 2008

Vi presenterar Zunegate

Ein alvorleg politisk skandale har allereie råka den komande amerikanske presidenten, Barack Hussein Obama.

Han har blitt ferska i å bruke feil merkevare - Zunegate er eit faktum.

Apple jobber hardt med branding. Dei vil at deira i-produkt skal ha kulturell dominans, og har i stor grad lukkast i det. På tross av at både iPhone, iPod og dei andre i-produkta kjem seinare, er dyrare og dårlegare enn tilsvarande produkt frå andre produsentar har merkevarane blitt ein integrert del av kulturen. iPod er einstydande med MP3-spelar, og omvendt. Microsoft har prøvd å ta opp kampen med sin Zune, utan stort hell. Apple sin marknadsdominans er for stor.

I førre veke vart Obama observert på eit treningsstudio av ein bloggjournalist, som publiserte sin trivielle observasjon i bloggen sin. Dette hadde ikkje tydd noko som helst, om det ikkje var for ein enkelt setning i innleggjet:
"But he hopped on the machine next to me and broke a mean sweat while reading a copy of USA Today and listening to his Zune."
Lesarane kasta seg over dette, og bodskapen spreidde seg som ild i tørt gras - den komande presidenten har ein Zune, og ikkje ein iPod. Det var katastrofe. Geeker og nerdar i heile bloggosfæren og tilstøytande territorium måtte kommentere, ha ein meining. Det var ein viktig statement kva overprisa dingseboms Obama nytta, det var det viktigaste spørsmålet som var stilt på lenge. Kvifor vart ikkje dette tatt opp under valkampen?

Det tok heldigvis ikkje lang tid før Obamas representantar to affære med Zunegate. Ein talsmann gjekk ut dagen etter den omstridte bloggposten og understreka at dette ikkje var sant - den komande presidenten eig ein iPod, og den omtalte Zune må ha tilhøyrd nokon annan om det var det observatøren hadde sett. Observatøren på si side, gjekk med på at MP3-spelaren kan ha tilhøyrd ein av vaktane, og berre lånt av Obama.

Er skandalen avverga for godt? Eller vil Zunegate heimsøke Barack Obama gjennom heile presidentskapet? Er dette hans Katrina? Hans Irak?

Strida mellom Apple og Microsoft går inn i eit større bilete, der Microsoft i alle år har vorte framstilt som den store slemme, medan Apple framstår som det snille alternativet. Dette er jo sjølvsagt langt frå sant, men det speler jo inga rolle så lenge Apple har klart å plassere seg så grundig i den kulturelle medvita til media og folk flest.

Vis meg kva MP3 spelar du har, og eg vil sei kven du er kunne ein ha sagt, men meir korrekt er det å seie - vis meg at du har ein iPod elles er du ingen. Personleg har mullaen ein Creative, og har alltid vore vel nøgd med det merket.

11 kommentarer:

  1. Hadde nok ikke protestert på idéen om det ikke var noen kirker her, men Tromsø med omegn har altså 7 protestantiske kirker og en katolsk kirke som omtrent ikke brukes. Dette betaler jeg med mine skattepenger og det blir noe helt annet en én stakkars moské som ikke blir skattebetalernes ansvar, og som i tillegg faktisk kommer til å bli brukt.

    SvarSlett
  2. Uhm... Dette var eit svar på min kommentar hjå deg dette, kanskje? Særs forvirrande. ;-P

    SvarSlett
  3. Jeg har en sånn iPod og har alltid vært fornøyd med det produktet. (Bortsett fra da min forrige døde etter tre års hardt arbeid. Men da kunne jeg kjøpe meg en ny og mye større.)

    Det gleder meg dog å se at jeg ikke bare har valgt rett, jeg er noen.

    Og er det ikke en sak i seg selv at den kommende presidentens vakter har dårlig dømmekraft?

    SvarSlett
  4. Eg trur den dårlege dømekrafta ligg i å tru at det berre er eit alternativ der ute - du som tilhengjar av marknadskreftene må jo sette pris på at ein er klar over mangfaldet der ute, og at ikkje ein produsent for dominans? ;-)

    SvarSlett
  5. Eg klarer, som mullahen, å irritere meg over at iPoden til Apple har blitt synonymt med mp3-spelar. Det er ei radbrekking av språket og ender berre opp med misforståingar. Nett som med folk som ikkje evner å skilje mellom omgrepet "blogg" og "diskusjonsforum". Grrrrr!

    Her i gården er det forøvrig ein iaudio-spelar som leverer musikken. Gjennom Kossane mine, sjløvsagt.

    SvarSlett
  6. For ikkje å snakke om at denslags språklege forvirringar gjer det umogleg for ein å vurdere kjøp. Kor mange duppedingser står ikkje i disse tider oppført som iPod-kompatibel? Det er så lite presist som ein får det. Det kan jo tyde alt frå at det støttar AAC til at det støttar USB.

    SvarSlett
  7. Som vanleg var den herlege nerdespionserien "Chuck" tidleg ute med denne problemstillinga, med denne replikkvekslinga frå 27. oktober:

    Chuck: Do we carry any Rush CD's?
    Morgan: No, but not to worry buddy! I have every Rush track on my Zune.
    Chuck: Wait, you have a Zune!?
    Morgan: Pfft! No, I'll go get my iPod.

    Eg hadde sikkert også hatt ein iPod, om det å eiga ein iPod ikkje hadde vore synonymt med å måtte bruke iTunes. Sorry, Mac (pun intended), eg foretrekk å faktisk ha *kontroll* over filene på datamaskina mi, som er hovudgrunnen til at eg nyttar PC og ikkje Mac i utgongspunktet. Min lille Creative mp3-spelar funkar også som USB flash drive utan mykje dikkedering; eg deler den berre i to, og så er det plug-and-play, motherfucker.

    Eg reknar elles med at alle fekk med seg Penny Arcade sitt syn på Zunegate? http://www.penny-arcade.com/comic/2008/12/8/crisis/ 'Nuff said.

    SvarSlett
  8. Hei Mullah! Jeg har også en Creative (Zen Vision 30G). Du verden!

    SvarSlett
  9. Jøsses Viggo - du har visst reddande kvalitetar. Kven skulle trudd det? ;-)

    Jbq: Penny Arcade sin var ypperleg og fin. To tumlar opp.

    SvarSlett
  10. Når skal vi lage en støtteforening for oss Creative-brukere?

    SvarSlett
  11. Eg føler vi absolutt har bruk for det i ny og ne. Og Creative var liksom det store på nittitalet hugser eg... når det kom til 16 bits lydkort og slikt. Kva har skjedd?! ;-P

    SvarSlett