torsdag 8. januar 2009

Brutal Pandemisk valdsbølgje

Klør som kutter gjennom hud, tenner som slit av kjøt. Skarpe som nyslipte kniver. Bak det sløve blikket skjuler det seg vonde hensikter. Du må berre sjå gjennom sløret, kjemp mot søvnen som senker seg over sinnet og du vil sjå. Den vonde vilje. Dette er herskaren trygg på seg sjølv, trygg på sin posisjon, trygg på at ingenting truar hans makt. Berre sjå kor overlegen pandaen er der han lener seg attende og nyt livet. Men er han kanskje for trygg på seg sjølv? Har dei byrja å verte uforsiktige?

Deira overfall av menneske byrjar å verte ganske så veldokumenterte, og åtak som dette er vanskeleg å halde skjul på. Berre dagen etter at kjempepandaen Gu Gu prøvde å lokke eit barn inn i leiren sin, så hypnotiserte han barnets far, Zhang, til å klatre over gjerdet. Gu Gu venta ikkje eit sekund med å gå til åtak på måltidet han hadde lokka til seg, svolten på noko meir næringsrikt enn bambusskot kasta han seg over Zhang og beit seg fast i han. Zhang kom til seg sjølv og kjempa tappert i mot, men til inga nytte. Først når andre menneske kom til for å hjelpe kom han seg fri, men ikkje før etter dei måtte nytte verkty for å opne Gu Gus kjeve, som då hadde låst seg rundt beinet til Zhang.

Zhang ligg no på sjukehuset, med ny forståing av kva pandaer eigentleg er. Og Zhang var langt i frå Gu Gu sitt første offer, Gu Gu er ein gjengangar når det kjem til denne slags brutale overfall. Pandaene er utolmodige og klarte til å vise sitt sanne eg. Dei gjer seg klar til å gå til åtak. Er du klar til å forsvare deg?

Det er ikkje sikkert du er like heldig som Zhang og slepp unna med livet i behald, så ikkje vent på at det skal skje med deg! Gjer motstand! Pandamoniums pandemisk valdsbølgje er her!

4 kommentarer:

  1. Åh, no vart eg glad! :D *danse*

    SvarSlett
  2. Det er ingenting å vere glad for her, kvinne!

    SvarSlett
  3. Du burde nevnt den nye tv-serien om superhelten Pandaman!

    SvarSlett
  4. Det skal eg gjere veit du, men denne saka vart jo skreve ein dag før du sendte meg den. Og du sendte den når eg var på kontoret, så det får vente...

    SvarSlett