laurdag 31. januar 2009

Eg er ei senil lesbe...

Eller eg kjem til å verte det. Det er i alle fall ein rådande teori. Ein mogleg scenario i det minste. Kor sannsynleg er det er vanskeleg å seie, men eg tykkjer i det minste det er noko ein må utforske. Særleg når eg sitt her og og gjer notatar til min uautoriserte sjølvbiografi (Eg er på jakt etter forlag og utgjevingsstøtte, mottar tips med takk). Den er sjølvsagt uautorisert slik at eg utan problem kan dementere den på dødsleiet. Det kan kanskje vere nødvendig når det kjem til dei siste kapitla. For om eg skriv at eg tilbringer mine siste dagar som senil lesbe på ein eldreheim, og det viser seg at eg heller døyr ein lang og smertefull død etter ein trykkokereksplosjon ombord i eit luftskip, så vert det jo litt feil. Nei, betre å kunne gå attende på det då.

Men kva om eg vert ei senil lesbe på gamleheim? Korleis vil det eigentleg utarte seg? Eg skuldar mine lesarar å utforske denne moglege framtida mi. For korleis går ein frå skjeggete mulla til senil lesbe. Det er ikkje så vanskeleg å forestille seg eigentleg, for kva gjer ein ikkje for kjærleiken? La oss seie no at eg i byrjinga av 30-åra treff ei vakker ung kvinne, som fangar mi interesse. Det einaste som held oss frå kvarandre er mitt kjønn, og hennar legning. Den unge kvinna er lesbisk. Ho foretrekk samvær med andre kvinner, og har inga interesse for maskuline "særtrekk". Heller ikkje mine. Kjærleiken blomar, men det er alltid noko mellom oss. Det einaste rette i ein slik situasjon er å gjennomgå eit kjønnsskifte. Så innan fylte 35 var mullaen blitt ei kvinne, i sambuarskap med ei anna kvinne. Kanskje til og med gift, takka vere den nye ekteskapslova.

Dette er vel ikkje så vanskeleg å sjå for seg reknar eg med. Vi dekorerar vår heim med Hello Kitty, og i bokhyllene plasserar vi Brontè, Austen og side-om-side med Koranen, Ghadaffis Lille Grøne og Rukhnama! Tyngre politisk filosofi får selskap av Queer theory, og mjuk feminisme. Vi vil snakke mykje om det å skape vårt eiga liv, og om å kunne definere sin eigen identitet. Folk vil undre seg om kvifor eg valte å behalde skjegget, og vi vil forklare at det var vårt val. For vi vil understreke at det handlar om valfridom. Vi kan velje vår identitet like mykje som vi skapar den. Og kanskje skriv vi ei bok eller to i lag. Dukkar opp på fjernsynet og fortel om korleis livet vårt er, korleis livet vårt var, og kanskje til og med om korleis livet vårt vil verte. Og vi kjem då sjølvsagt òg til å reise på bokturnè, der vi signerar bøker og gjev folk gode råd. Fortel dei som tviler om å kaste seg inn i det, og opne auga til dei skeptiske og fordomsfulle. Det vil alt i alt verte eit fullt liv, og eit godt liv, med mykje glede, kjærleik og eventyr.

Men aldardomen er nådelaus, og tar oss alle att. Vi kan ikkje stogge nedbrytingsprosessane nokon av oss. Heller ikkje eg. Kvinnene i min familie har vore plaga av senilitet. Dei vil sjølvsagt nekte for det, men dei byrjar alltid tidleg å verte litt tullete. Det er kanskje ikkje noko eg har tenkt over når eg skifter kjønn, eller kanskje eg er klar over det, og vel å ta sjansen i kjærleikens namn. Resultatet er verken uventa eller originalt - etterkvart som aldardomen tåkelegg mitt sinn byrjar eg å verte surrete. Eg gløymer meir og meir. Og etterkvart kan eg til og med gløyme å ta vare på meg sjølv. Og min kjære lesbiske partnar er ikkje mykje betre sjølv - om det er fordi ho faktisk er tullete, eller om ho berre latar som fordi ho tykkjer det er morosamt speler inga rolle. Vi kan ikkje halde fram med å bu i vår lille hytte i skogen. Min eldste nevø tar affære og skaffar oss plass på eldreheim. Først er det berre avlasting seier han, men avlastinga halar ut, og vi slår oss til ro.

Eg bryr meg ikkje så mykje om å ha hamna på eldreheim eigentleg, for eg legg knapt merke til det. Hjerneråta har satt inn og eg veit ikkje kvar eg er halve tida. Dette er ikkje så uvanleg, eigentleg. Det er fleire eldre som opplev det slik, det er slik aldardomen har blitt - ein tilstand av konstant tåke. Alt vert uklart og forvirrande. Ein høyrer gjerne frå demente eldre at dei er fortvila over tilstanden. Slik vert det ikkje med meg. Eller eg vert fortvila, men det er av andre årsaker, alt i alt lev eg i lukkeleg uvisse om min begrensa mentale kapasitet.

Mitt liv på eldreheimen utartar seg primært som avslappa rutine. Det er morgonvask, det er morgonavføring og det er frukost. Det er graut. Det er svisker. Det er dulling og stelling. Det er sitte stille i ein krok med fjernsynet på. Det er å la vere å lese avisa fordi brillene ligg på rommet (eller, meir sannsynleg, på panna mi). Det virker kanskje keisamt, men godt er det, for når ting først vert spanande i korridorane vert det gjerne litt for mykje. Når blodet først brusar vert eg gjerne påståeleg og aggressiv, og med hjerne av graut utartar dette seg gjerne.

Du har kanskje lagt merke til ein underleg tendens blant dei eldre når hjerneråta sett inn. Dei finn eit punkt i tida, ei hending eller ei fase i deira liv dei heng seg opp i. Enten det no er tidlegare elskarar frå ungdommen dei vel å utlevere i detalj - noko eg unnar alle å høyre frå snille gamle tanter - eller det er krigens dagar, eit eller anna sitt tydlegvis fast. Eit ankar i deira elles flytande sinnstilstand. Dette er ikkje noko nytt, det er difor dei gjentar dei same spørsmåla om ting som har hendt for lenge sidan. Det er difor grandtante Edna kvar gong du vitjar henne spør om korleis onkel Lars har det, på tross av at han døydde i ein grusom traktorulukke for over ti år sidan. Og det er grunnen til at eg oppførar meg som eg gjer når eg opprømt turer ned korridorane på eldreheimen på jakt etter den skuldige sjukepleiaren.

-
Har du sett pikken min?!

Det er det eg spør alle om. Overtydd om at eg burde ha ein penis, ein pikk, ein tissefant. Og no finn eg den ikkje. Nokon har stole den. Og den framste kandidaten er alltid den førre pleiaren som tok seg av morgonvasken - eg såg jo hennar hender der nede. Ho
ha tatt pikken min. Eg spør dei andre eldre, med heva stemme; Har du sett den?? Har du sett pikken min?!

Dei ristar på hovudet og viker unna, mumler med sviske og graut i munnen.

Eg grip tak i pleiarar og grynter. Har du sett den?? Veit du kven som har tatt den? Kven tok pikken min?!

Dei ber meg roe ned, spør om eg har tatt medisinen min, og eskorterar meg inn på rommet. Eg mumlar, og vert motvillig lagt til sengs. Fem minutt seinare er eg på beina att.

Eg grip fatt i familier som vitjar sine vekkplasserte bestemødre og bestefedre, fangar dei i eit hjørne, og løfter på min blomstrete eller stripete kjole for å vise dei mitt nakne skritt;
Ser de den? Eg ser den ikkje! Eg skulle hatt ein pikk! Har de sett pikken min?!

Barn byrjar å grete, der eg står og brølar til dei, mødre gisper og trekk seg unna, og fedre prøver å roe meg ned. Eg hveser og roper til dei. Dei står i ledtog med tjuven. Dei veit kvar pikken er.

Ein lege og fleire pleiarar må til for å redde dei stakkars familiane. Og blant dei er gjerne pleiaren eg hugser hadde vaska meg, på dette tidspunktet koker det over for meg. Og eg prøver å gripe fatt i henne eller han. Legen held meg attende medan eg hyler på beste bestemoderlege vis:
Din lømmel! Få att pikken min! Eg såg nok at du tok den! Få den att din skitne tjuv! Eg burde kutte av deg dei klåfingrane dine!

Pleiaren må flykte, og eg får noko beroligande. Ikkje at det hjelp mykje på dette tidspunktet, men eg vert litt mindre aggressiv. Dei prøver å forklare meg at eg ikkje har ein penis, at eg ikkje skal ha ein fordi eg er kvinne, og alt er noko eg berre innbillar meg. Eg nøler litt, men strittar jamvel i mot. For eg kan klart hugse å hatt ein. Eg kan hugse synet av den, som om det var i går. No er den berre vekk.

Medan dei førar meg attende til rommet mitt legg eg merke til at mi kjære kone sitt ved eit bord og smiler lurt til opptrinnet. Ho sitt omringa av resultatet av hennar siste origamiraptus. Ho lagar origami når ho byrjar å miste taket, det ligg i hendene hennar frå før vi møtte kvarandre. Det er hennar ankarpunkt. Ho held ein halvferdig papirsvane i handa medan ho ser på meg med det smilet som berre ho kunne ha når eg hadde eit påfunn som underhaldt henne.

Eg grip sjansen for å få litt støtte;
Kjære! Fortel dei om pikken min! Eg er sikker på at eg hadde ein!

Ho ser undrande på meg og svarar at sjølvsagt hadde eg det. Ho kunne godt hugse at eg hadde ein penis. Legen og pleiarane sukker alle oppgjeven. Vel vitande om at mi kone har det med å fantasere, og ikkje heilt klare å skilje mellom påfunn og røynda. Ein av pleiarane går bort til mi kone og distrahererar henne med å skryte av svanen ho held i handa. Eg vert ført med makt attende til rommet mitt, der eg under strengt oppsyn vert lagt til sengs

- Men pikken min?! Eg treng pikken min?!

Ein av pleiarane, ei raudhåra jente med eit varmt smil, gjev etter i sin sympati og fortel meg at dei skal finne den. At eg skal få den att i morgon. Eg spør om ho lover, og ho svarar ja. Og med det fell eg til ro... for i morgon får eg pikken min att.

Og dagen etter er alt gløymd, og eg er klar til å byrje heile runden på nytt. Nok ein gong.

Slik går dagane for meg på eldreheim, som senil lesbe stua vekk av mi næraste familie i lag med mi heller rørete gamle kone. Min familie vitjar meg sjeldan eller aldri, men det legg eg ikkje merke til, for hjerna mi er for lenge sidan gått frå å vere graut til suppe.

Og slik er ein av dei rådande teoriane om min aldardom, og kanskje den mest truverdige. Det kan jo hende at noko heilt anna skjer... og det må jo utforskast òg. Korleis ser du for deg min aldardom? Kva ligg i framtida mi? Biografien min er avhengig av dykkar forslag.

27 kommentarer:

  1. Jeg vet ikke helt, men du er i hvert fall hora mi <3

    SvarSlett
  2. Du er ravende gal, og om du så blir en senil lesbe, så vil du allikevel være gal. Og jeg vil allikevel være glad i deg. :D

    SvarSlett
  3. Eg veit ikkje om eg har så veldig lyst til å se han heller... :-)

    SvarSlett
  4. Jeg har ikke så vewldig mye å utesette på denne teorien, men et par spørsmål dukker opp.
    1) Hvordan skal du klare å beholde skjegget når du tar kvinnelige kjønnshormoer for å bli kvinne, vil ikke da skjegget falle bort av seg selv om du vil eller ikke? Eller er det et løsskjegg av type Life of Brian du vil bruke? Frykter at du her blir nødt å velge mellom skjegg og pupper, om ikke der finnes en mulighet for å blande store doser østrogen og testosteron for å gi deg begge deler.

    2) Hvem sørger for at du får i deg hormoner på sjukeheimen sånn at du ikke slutter å være kvinne, men glir over i å bli en mann med en inntørket vagina? I dette scenariet er både du og din kone tutlete og ute av stand til å få i deg din nødvendige dosering, og de ansatte ser ut til å være uvitende om din tilstand. Er du da streng tatt ei senil lesbe, eller like mye en gammal bukk med en innskrumpet vagina :P

    Ellers er jo dette som vanlig feiende flott lesning. Du har jo alltid sagt at du egentlig er en lesbisk kvinne innestengt i en manns kropp, så hvorfor ikke...

    SvarSlett
  5. No vart eg veldig skuffa over deg. I gamle dagar drøymde du om å ta over verda med luftskip (som du rett nok nevnar) og minions i stilfulle uniformar i svart og raudt. Og no fantaserer du om å rave rundt på sjukeheim og skrike etter pikk?

    Eg hadde større forhåpningar til deg, verkeleg.

    SvarSlett
  6. Eg venter framleis på gode forslag til andre framtidsutsiker folkens, men takk skal de ha alle saman.

    Barbro: Korleis ser du for deg mi framtid som hora di?

    Monsieur Cinque: Kva har vi sagt om å bite på PCen. Du skal ikkje smake på tekst, du skal lese!

    Metallicatrollet: Eg er ikkje gal. Eg ser berre gjennom verdas mange illusjonar! Du derimot...

    Robert: MMS er sendt din veg. Nyt synet, den forsvinn kanskje snart.

    Sambo: Kva slags forsøk på undergrave historia er dette?

    1. Pishposh! Eg har møtt kvinner med kraftig skjeggvekst. Eg seier ikkje at eg kjem til å behalde mullapryden, men i det minste ein tredagersgreie skal eg klare å halde på!

    2. Dette er tross alt nokre år i framtida, då har ein kanskje automatisert kjønshormonproduksjonen etter kjønsskifteoperasjonar. Ein eigen syntetisk lymfe produserar det eg treng sikkert. Men for all del, om du føler for å forestille deg meg med ein inntørka vagina skal du få lov til det.

    jbq: Så kom med betre forslag då! Vi prøver å vere litt realistiske her, men om du klarar å fortelje meg korleis eg ender opp som luftskippirat og korleis livet mitt ender, så skal eg fylle ut soga i biografien min.

    Dette er jo ikkje det einaste alternativet, men eg vil gjerne høyre kva andre alternativ som finnes. Inntil no så er det dette som virker mest sannsynleg, og Synske Trude fortalde meg på telefon at det var stor sjanse for at det var slik det gjekk. Det var visst noko med Merkurs innflyting...

    SvarSlett
  7. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal formulere dette... men det du ber om er eigentleg at nokon andre skal gje deg materiale til din eigen sjølvbiografi...?

    SvarSlett
  8. Eg ber skråsikre folk som deg fortelje meg kva dei trur ligg i framtida mi. Hjelpes mann.

    SvarSlett
  9. Hmm. Eg lagrar denne tråden i tilfelle dette er eit triks for å stjele mine idear. I'm on to you!!

    SvarSlett
  10. Men for the record, så trur eg du etter kvart kjem til å nyta ein viss status som ekspert på sære ting. Bli venar med Astrid Meland. Få ho til å ringja deg for uttale kvar gong ho skriv om noko sært. Få deg kontaktar i VG også. Og TV2. Vips så er du dagspressa sin go-to guy for fringe-sakar. Og der har du din nisje; ein som kan mykje om rare ting. Er ikkje det det du alltid har hatt i karrieretankane uansett?

    SvarSlett
  11. Det høyrdes jo forferdeleg traust ut i forhold til kjønsskifte og moro på eldreheim då ;-P

    SvarSlett
  12. Hva skjer i framtida di? La meg se: Skjegget ditt vokser og gråner, pikken din blir der den er, og jeg ser blanke, snaue skaller.... nei, det er fjell! Snaue fjell, stein, huler, geiter. Og folk i lange flagrende klær, kalashnikover, stingerraketter, valmuer, flere mullaer... ingen kvinner... aha: Du blir fredsprofet i Taliban!
    Sveinemannen

    SvarSlett
  13. Langpanna, ja. Berre litt uheldig vinkel på nokre av fotografia ;-)

    Eg har lenge vurdert å reise ut i verda med mitt fredsbodskap... og tvinge vantru hunder til å følgje meg blindt i døden... kanskje Taliban er ute etter å rekruttere meg til slikt arbeid?

    SvarSlett
  14. Jeg synes senil lesbe-teorien din er usannsynlig sannsynlig, så jeg har egentlig ingenting å tilføye.. annet enn at du er til å spise opp på bilde nummer 2! <3

    SvarSlett
  15. Jeg. Har. Virkelig. Ingen. Kommentar.

    Jo, forresten: Jeg skal beordre mine barn til aldri, aldri, aldri å ta sykepleierutdanning.

    SvarSlett
  16. Ja, Stina, det virker usedvanleg openbart at det er den vegen det går for tida, ja. Heldigvis har eg full støtte frå det lesbiske lokalmiljøet.

    Arnfinn då, må du vere så fæsleg konservativ? Innarst inne likar du det ;-)

    SvarSlett
  17. *pakke vekk teikningane til det hemmelige politiets uniformar*

    Skjønt det går vel fint an å vere lesbe òg diktator. Gjer det ikkje?

    Dette med rolig liv og hytte i skogen ser eg på som den vanlege diffusiteten som kjenneteiknar alle spådommar. Sluttproduktet kan jo likefullt bli ei senil lesbe på gamleheim. Diktatorar blir jo gjerne styrta og då venter sjeldant private luksusheimar. Minstepensjon og kommunal institusjon blir det så.

    Kanskje du kan spe på inntekta med billettsal...

    SvarSlett
  18. Eg ser vel helst for meg at det vert ein av delene, men du skal ikkje sjå vekk frå at dersom eg nokon gong får tatt makta, og vert styrta (usannsynleg, eg vil verte elska av folkemassane), så vert det nok ein eller annan institusjon på meg...

    ... men eg fryktar òg at ting som domstolen i Hague bør bli nemnt når det gjeld det oppgjeret...

    SvarSlett
  19. Minst like sannsynleg er det vel for øvrig at du blir medlem av ein eller annan tvilsam hippie-kult a la i The Wicker Man...

    SvarSlett
  20. I glaskula:
    Kjønnsskifte-operasjon, deretter reparasjon av den rosa tanksen på Laksevåg. Ditt nye framkomstmiddel. Når den sluttar å gå, dannar den utgangspunktet for museumet "Skeive ting frå krigstida". Du held sjølvsagt føredrag kvar torsdag kl. 12.00. Lett servering med.. penispasta og fromme tomatar. Ruth er resepsjonist. Eller?

    SvarSlett
  21. Summer is a'coming! Arise! Arise!

    Kva er likskapen mellom meg og Christopher Lee? Vi beggje drøymer om å leie ein fruktproduserande hedensk kollektiv i øygarden.

    Og Janne; du er inne på noko der. Eg likte særleg godt menyen. Og Ruth... resepsjonist, servitøs eller kanskje til og med kokk? Ein ting er i alle fall sikkert, Ruth vil gjere eit comeback her i min nye bloggheim i løpet av våren. Ho vil jo vere eit ankarpunkt i min biografi, ei viktig innflyting på mitt liv. Kanskje den mest sentrale prostituerte i mitt liv.

    SvarSlett
  22. Du lurer ingen; den eneste grunnen til at du i framtiden velger å ta kvinnelige hormoner, er jo at du ønsker å få tilbake håret, og kunne glede deg over et speilbilde med vakre, lange mørke lokker. Når du først har bevist at skallede menn får hår med kvinnelige hormoner, så blir du jo rik og ettertraktet, og reiser i dårskap fra din lesbiske forlovede, for å leve som glamourmodell i Los Angeles, og senere, når håret er blitt blondt av elde, blir du Playboybunny.

    Beklager, men sånn er livet.

    SH

    SvarSlett
  23. Eg trur dette berre er en gammel barndomsdrøm om å bli Carola

    SvarSlett
  24. SH: Du ser for deg at eg ikkje vil like livet som playboybunny?

    Ørjan: Hmm... ja... du er inne på noko der, men terapeuten min sa det var heilt normalt.

    SvarSlett