torsdag 15. januar 2009

Ein død fange...


Då eg etter ein lang dag fann senga i grotta mi i går vart eg avbrudt av ei trist melding: Patrick McGoohan er død. Han døydde 13. januar, etter kort tids sjukdom. Patrick McGoohan var ansvarleg for, og spelte hovudrolla i, ein av tidenes flottaste seriar - The Prisoner. Ein serie som du umogleg kan nyte utan eit opent sinn. Ein serie som utfordrar deg, ditt syn på identitet, fridom og - ikkje minst - samfunnet. Korleis er samfunnet strukturert og korleis står individet i forhold til det?

Er vi berre tal, slik Patrick McGoohan var den anonyme Nummer 6? Må vi konformere? Eller kan vi bryte ut?

3 kommentarer:

  1. Kvil i fred, McGoohan. Du var meir enn eit nummer, du var verkeleg fri.

    SvarSlett
  2. Men ingen eugoogley for Ricardo Montalban?

    SvarSlett
  3. Eg kan ikkje gjere alt. Det er semesterstart. Ver glad du fekk denne.

    SvarSlett