måndag 26. januar 2009

Ein løynd bodskap...

Kven har sagt at kvardagen ikkje er spanande? Det er nok av spanande ting som skjer rundt oss til ein kvar tid. Løyndomar å avsløre. Alt du treng er dei rette evnene. Ein av desse løyndomane er på ein papirlapp. Og eg siterar:

"På politihuset i Trondheim står en safe. Inne i safen ligger et skjult budskap, gjemt inne i en konvolutt som ligger i en konvolutt."
Dette er ein bra premiss for ein tv-serie tenkjer eg, så ein tv-serie skal de få. Eller i det minste fem programdeler i NRKs Schrödingers Katt om det alternative - dvs folk som hevder dei er synske og tilsvarande. Noregs framste synske - og nabokjerringa di - inviterast herved til å sende inn forslag, eller heller - svaret - på kva som gøymer seg i denne konvolutten.

Første del får du servert på NRK1 førstkomande torsdag, og meir om temaet kan du lese hjå skepsis.

Vår venn, skepsisredaktør Asbjørn Dyrendal er involvert i dette tiltaket sjølvsagt, og har forfatta den skjulte bodskapen. Så eg mistenkjer at den som klarar å svare rett, har bestukket herremannen med ei flaske god whisky, og eventuelt eit gøyalt dataspel.

4 kommentarer:

  1. Meow. Kan man gjette på hva som helst i hele verden? Hvis det var du som hadde avgjort hva det var, ville jeg tippet på en viss rosa kattepus. :3

    SvarSlett
  2. Man kan gisse kva som helst! Kva som helst som vandrar rundt i Asbjørn sitt hovud...

    Og pøh! Hadde det vore meg, så hadde det vore ein lapp det hadde stått "Wir brauchen Lebensraum und Lederhosen" på.

    SvarSlett
  3. Inni hovet ditt hadde det lagt ein lapp som sa "hugs å kjøpe vaselin". Ikkje innbill oss noko anna.

    SvarSlett
  4. Og da har to herværende allerede demonstrert det jeg (helt uten klarsyn) inbiller meg vil være den vanligste strategien for å gjette innhold...

    SvarSlett