onsdag 7. januar 2009

Eit blikk på Wing Commander

Det ferskaste nummeret av Retro Gamer, bladet for oss som tykkjer at spela for ti, tjue og tredve år sidan framleis er verdt å snakke om - for ikkje å snakke om å spele - diskar opp med nær 8 sidar om Wing Commander. Med intervju av sjølvaste Chris Roberts, mannen bak den flotte spelserien. Det er nok til å gjere ein gamal spelnerd ganske så mo i knerna.

For dei som ikkje har høyrd om serien (ingen av dykk seier de? Barbarar!), så er det ein romkampsimulator blanda med såpeopera og rom opera. Eit spel der manuset var like viktige som dei formidable teknologiske nyvinningane (for den tida). Dei to første spela i serien var tradisjonell animasjon, medan dei neste spela i serien var full motion video, med Mark "Luke Skywalker" Hamill i rolla som helten Christopher Blair. Spela følgjer han over ein heil karriere i kampen mot katteliknande romvesen med namn Kilrathi. Det første spelet foregår 30 år etter krigen mellom menneska og Kilrathi først tok til, og gjennom spela følgjer vi krigen mot dens endelege avslutting - og vi får høve til å avgjere våre fienders skjebner. Og seinare får vi ta eit oppgjer med krigens konsekvensar, og ikkje minst gamle krigsheltar som vert forrædarar. I tillegg til Mark Hamill får vi òg servert Malcolm McDowell, og manus som var meir fyldige enn det ein får servert frå Hollywood i desse dagar. Rart er det då at filmen basert på spela vart så middelmådig som den vart... men eg digresserar.


Poenget er at i eit intervju hjå Retro Gamer fortel no Chris Roberts at han kjenner seg ferdig med Hollywood, og har lyst til å vende attende til dataspel... Vi sitrar.

Og etter å ha lest artikkelen nøye har vi sjølvsagt fått for oss å skaffe oss Wing Commanderspela att. Ein kjapp sjekk av bruktmarknaden og vi innser at prisen er for stiv, men vi har heldigvis båe Wing Commander 3 og 4 i ei kasse her ein stad. Og no dukka Wing Commander 1 og 2 brått opp òg. Eitt stykk glad mulla!

Så gjeld det berre å finne Wing Commander Prophecy, og så å finne tida til å spele alt saman.

I mellomtida får vi alle nyte litt mimrevideoer:







10 kommentarer:

  1. Ingen av oss?? No fornærma du ei røys av dine næraste venar, og det veit du.

    Apropos retro games så fekk eg Planescape: Torment til jul. Weee!

    SvarSlett
  2. Skulle tur at dei fleste av dei vennane mine med desse interessane er for opptatt med å spele spel i stadenfor å lese her ;-)

    Eg er forresten overtydd om at lesarane her som deler vår interesse for desse spela er i mindretal. Så eg ser på dette som folkeopplysing.

    Og apropos Planescape: Torment. Det var med i dette nummeret av Retro Gamer òg, i ei oversikt over dei 25 beste isometriske spela. Personleg vart eg satt ut av at Fallout hamna berre på 24. plass (langt under mellom anna Get Dexter på Amstrad - yumyum), men skitt la gå - det var tøff konkurranse.

    Funkar Torment på XP/Vista?

    SvarSlett
  3. Hadde ein prat med Jonas om dette med retrogaming og vi var vel eiegentleg begge einige om at vi nok gjer lurast i å nøye oss med minnene frå dei gamle klassikarane.

    Nokre av dei kan nok levere framleis, men det trur eg først og fremst gjeld dei som ikkje har blitt fulgt opp av liknande spel i ettertid.

    Eg trur ikkje eg vil sette meg ned og spele originale Civilization, Dune 2, TIE-fighter, Dark Forces eller Baldur's Gate. Dei er alle flotte spel som eg har kost meg med i timesvis, men eg trur ærleg tala at minnene frå den gong då gir meg meir enn nye gjennomspelingar.

    Men det finst nok unntak. Torment er truleg eitt av dei, saman med Fallout og Monkey Island 1-3.

    SvarSlett
  4. Kva for noko? Vil du takke nei til Tie Figher om du får det på GoG.com? *stirre på i vantru*

    Og Baldur's Gate?! Hallo?! Det står på lista mi over spel som eg gjerne skulle ha satt meg ned med att. Heile serien, faktisk, har eg lyst til å spele frå byrjing til slutt når tida strekk til.

    Det meste av Adventurespel, særleg etter Talkie-vart standard er framleis spelbare. Og om du enno ikkje har spelt Broken Sword serien så er det på tide du gjer det no.

    SvarSlett
  5. Ja, eg trur rett og slett det. TIE-fighter var så tøft og så moro den gong då, men eg trur rett og slett ikkje det hadde vore det same i dag. Eg trur ikkje gameplayet held med den standarden vi er van med i dag.

    Baldur's gate kunne kanskje funke, men det spørs om eg ikkje heller vil spele Neverwinter Nights 2 om igjen. Adventurespela har mykje betre sjanse. Der er det nok mange som funker.

    SvarSlett
  6. Det var det med tid då... eg er ikkje ferdig med NWN2, og no har det vel komen to utvidingar? Går mest i Witcher for tida ;-P

    Men dei gamle Adventurespela kan eg garantere funkar, eg speler dei jamnleg på laptoppen.

    SvarSlett
  7. Held meg med Hastur her, notidas spel har sjeldan dei geniale trekka klassikarar hadde. Det er berre epilepsiframkallande lys og fargar no for tida (WoW anyone?)- og som du sjølv tippar, Mynock, held Torment og MI 1-3 seg forbløffande godt trass i tidas tann. Golden oldies er golden for ein grunn!

    Eg veit ikkje enno om Torment funkar på XP, men om ikkje finst der heilt sikkert ein liten emulator som tek seg av det. MI 3 funkar i alle fall utan problem, MI 1-2 må ha Virtual SCUMM.

    SvarSlett
  8. ScummVM er ein vidunderleg oppfinning som eg har nytta i alle år, og som no virkar på langt meir enn berre SCUMM-baserte spel (som Broken Sword). Ser òg at GoG har integrert det i løysinga si for spel som Underneath a Steel Sky og Lure of the Temptress. Og dei er gratis. Spring og spel! :-D

    SvarSlett
  9. Beneath a steel sky...

    Men vi er kanskje ueinige her - rett og slett. Eg trur i alle fall eg ville blitt litt skuffa over TIE-fighter om eg skulle spelt det i dag. Nostalgitrippen hadde nok vore bra, men spelet hadde nok verka ein smule datert.

    SvarSlett
  10. Beneath, sjølvsagt. Slik går det når ein sitt og tastar på overtid.

    SvarSlett