laurdag 3. januar 2009

Eit born er fødd i bloggosfær'n

Som vi allereie har nemnt så er det lett å knytte nyårsfeiringa til fødsler. Ein slik fødsel er vi i disse dagar vitne til. Ein ny og lesverdig blogg ser dagens lys i disse dagar, og vi ber alle ta godt i mot The Lord Bassington-Bassington Chronicles.

Ein kvar blogg som startar si karriere med å utlevere The Avengers og å hylle Muhammad Asad og hans dyktige omsetjing av Koranen vert ekstra verdsatt hjå oss her i moskeen, og når dette vert fulgt opp med omtale av ein av nordens mest interessante digitale kunstnarar, Viktor Kvant, kjent òg frå det vidunderlege svenske orkesteret Solblot, så vert dette mottatt med ståande ovasjonar.

Vi her i moskeen sett pris på det anstendige og distingverte, og det får vi i rikt mon hjå vår venn Lord Bassington-Bassington, ein hund kjent for sin danna opptreden og smak. Bloggen er altså ført i pennen av denne gentlemannen av gentlemenn. Eller rettere sagt: diktert. Då det sjølvsagt er hans sekretær som faktisk trykker på tastaturet. Hans eigen Watson, som vi er forsikra om at òg er eit respektabelt menneske.

Så kast til side det vulgære moderne samfunnet, med sine sneakers og bandskjorter, og sett deg ned i godt danna selskap. Ta med deg din laptopp eller PC inn i salongen, og få på deg din beste røykejakke og fyr opp pipa, og nyt The Lord Bassington-Bassington Chronicles.

2 kommentarer:

  1. Takk for panegyrikken, men du kan nok med fordel slå bremsene på littegrann. Ironisk nok hadde jeg bandkjorte på da jeg så dette innlegget ditt for første gang...

    SvarSlett
  2. Akk! Slik dei mektige har falle! ;-P

    SvarSlett