måndag 19. januar 2009

Eit kosher arkiv

Eg har vore ei ny runde i arkivet mitt, inspirert av siste tidas bråk rund anti-semittisme, Willoch og anna som visse kjentskapar av meg ville ha kalla jøderi. Personleg er eg glad i alt som er kosher, og eg har ofte tatt meg bryderiet med å oppsøkje saker som er kosher for dykk.

Heilt attende til 2004 kan eg dokumentere dette. Frå det sagnomsuste(?) året har eg henta fram kanskje det klaraste provet på at dei fleste lisensavtaler er skreven av jødiske advokatar. Det er ikkje anti-semittisk, eg drar ikkje ein Willoch her, eg berre seier det at når lisensavtala står på yiddish, så er det eit teikn på noko.

For dei som verkeleg forlangar koshervare kunne eg i fjor anbefale Jewtube. Og det gjer eg framleis. Ein fantastisk side som har gjett meg mykje moro. Og minst like moro forventar eg har du får frå den heller besynderlege lista over fantasyvesen som er kosher og ikkje. Lista vart knota saman av Jeff og Ann VanderMeer som får boltre seg med romanar og antologiar i hylla mi her, då dei har slått seg fram som kjente namn innanfor båe Steampunk- og Weirdlitteratur. Eg kan gjerne anbefale dykk å ta ein kikk på noko av det dei har utgjeve.

Og fatt mot, det er meir å hente i arkivet framover.

2 kommentarer:

  1. http://www.youtube.com/watch?v=9oYDBtCN-hk

    SvarSlett
  2. Hahaha, kjempefiin! Den forten ein eigen bloggpost jo!

    SvarSlett