onsdag 28. januar 2009

Ferien er over, lenge leve ferien

Han trua med det for eit år sidan, og no har han gjort alvor av det. Ferien er over for jbq, og han har no pakka sakene sine og flytta dei over til ny nettstad. Den finn du her, med eg tvinger han ei lita gruppe av sine venner som no skal utgjere redaksjonen på ein popkulturell blogg. Dei utvalte er i denne omgang Herr Setvik, Herr Lyssand og ein viss Herr Bjørkelo, som er mellom anna kjent som redaktør for n4f.no, der fleire av den omtalte redaksjonen er bidragsytarar.

Tema for bloggen er popkultur. I alle dens former, med hovudvekt på film. Vi forventar litt overlapping med n4f.no, men òg ein langt friskare tone.

Holiday By Mistake held nok på sin særeigne sjarm, og det er framleis vår venn jbq som kjem til å bidra det meste. Med andre ord det vert mykje Dr. Who. På spørsmål om han har tid til å bidra, svarte herr Bjørkelo: "Bidra? Til kva? Blogg? Hæ!?"

Sida er framleis under Beta, så alle kommentarar til layout og tekniske løysingar vert nok mottatt med stor takksemd. Oppdater din RSS-feed i dag.

2 kommentarer:

  1. I have a heart condition. If you hit me, it will be murder.

    SvarSlett
  2. Og eg som trudde du kom til å seie: "I mean to have you, even if it means burglary!"

    SvarSlett