laurdag 17. januar 2009

Filmfrelse: Terminator


Eg har det ikkje med å ha store von om Hollywoodfilmar, men eg er svak for Christian Bale, og eg er svak for ideen om at vi endeleg skal få krigen vi såg glimt av på 80-talet i Terminator. Så sjølv utan Charlotte Gainsbourg som kona til motstandshelten John Connor, så ser eg faktisk fram til Terminator Salvation. Dette er den fjerde filmen i serien, om ein reknar med den horrible Rise of the Machines som kanskje var noko av det mest tullete dei hadde gjort sidan vel... eg veit ikkje? Eg likte til og med Robocop vs Terminator (det var noko med ideen om at den kybernetiske purken var opphavet til Skynet som kilte meg rett). Eg har fulgt produksjonen sidan dag ein, og medan eg var skeptisk til prosjektetet til å byrje med, så har eg blitt sakte men sikkert sjarmert av designskisser og lovnadar om å sette den gode historie først. Eg trur eigentleg ikkje på det, men eg vonar det vert moro. Særleg no når ein femte film òg er under oppsegling, og målet om å gjere den nye historia om til ein trilogi verker langt meir sannsyneleg.

Ein må sjølvsagt sjå denne filmen i eit større bilete. Her er det jo grunn til å vere kritiske sjølvsagt. Det er klart at John Connor sin karakter er basert på Max Manus, og at Terminator Salvation berre er eit forsøk på å mjølke den norske filmkua etter at denne filmen viste seg å vere så populær. Terminator Salvation er vel berre ein av eit mangfald komande filmar med staute motstandskjemparar basert på brave nordmenn som hovudfokus. Det er heilt klart

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar