torsdag 22. januar 2009

Framtidsutsikter?

Mi framtid er karikert. I alle fall om ein skal tru min gamle venn jbq, forfattar og aktiv nerdebloggar, som meiner å ha funne meg i årets første nummer av M. Likskapen er ført i pennen av danske Wulffmurgenthaler, kjende allierte i kampen mot Pandamonium. Den omtalte stripa, som de finn i fullstendig form hjå jbq, skal i følgje min venn vere ei lett ironisering over mi akademiske karriere, eller manglande sådann. No har det jo seg slik at eg etter fleire års pause har sneke meg inn att i universitetskorridorane, men nok ein gong står ei uviss framtid i møte når kontrakta går ut.

Då er det greit å ha venner som ser framtida så tydeleg, og som alltid har karrieretips på lur.

Stikk innom min venn jbq og del med oss kva du trur.

5 kommentarer:

  1. Det der med strikk i skjegget har vi jo allerede god dokumentasjon på ...

    SvarSlett
  2. Ein mann må jo få lov til å pynte seg litt? ;-)

    SvarSlett
  3. Her hadde det vore på sin plass at du slenget ut skjegg-med-sløyfe-biletet ditt, slik at vi fekk samanlikne.

    SvarSlett
  4. Det er Arnfinn som sitt på det. Ikkje eg. Og eg trur han vil forbehalde det sine foredrag ;-)

    SvarSlett