laurdag 24. januar 2009

Hello Bling-Bling

No har eg nyleg fått meg ein ny laptop, og eg er veldig nøgd med den, men blikket vandrar allereie. Det er ikkje det at eg har eit behov for å erstatte den eg har - den fungerar veldig bra, og den er ganske så fin. Ein stilrein svart sak, men den skinnande "nye" utsjånaden ein ny laptop gjerne skal ha. Likevel... om eg skal ha meg ein ny laptop... når eg skal ha meg ein ny laptop... så vil eg ha ein slik ein:
Det er på tide eg skaffar meg ei Hello Kitty maskin. Og når ein først skal ha ein maskin som ser bra ut, så kvifor ikkje satse på litt Bling-Bling? Eg innser at eg på eit tidspunkt ikkje vil tykkje det er nok at det er rosa, eller at verdas søtaste katt er på trykt på overlata... det må òg glimte. Det må vere edelsteiner, gjerne falske - vi er ikkje rike tross alt.

Når eg er ute på reise kan eg då stolt trekkje fram mi Hello Kitty PC og imponere alle dei andre reisande. Dei kan sjå på meg med store auge og vere misunnelege. Dei får stirre på meg, i trygg visshet om at eg er ein mann av smak og distinksjon.
For det er difor folk stirrar på meg når eg har på meg Hello Kitty-klede, sant?

4 kommentarer:

  1. Gå og legg deg. Du har framleis feber.

    SvarSlett
  2. Men eg vert så rastlaus, og så drøymer eg berre om Hello Kitty ;-P

    SvarSlett
  3. Hello Kitty + Hastur, for evig og alltid. :)

    SvarSlett