søndag 18. januar 2009

Kalvø feigar ut!

Sidan 1991 har Are Kalvø nytta NRK P2 og Hallo i Uken som medium for å spre sitt opplysande perspektiv. Ufiltrert, men karikert, har han presentert den råe sanninga. Gjennom Hallo i Uken har vi fått føle på kor absurd verda rundt oss eigentleg er, og ikkje minst kor inkompetente samfunnsleiarane eigentleg er.

Og alt på vidunderleg nynorsk.

No feigar han derimot ut.

I lag med Else Michelet og Espen Beranek Holm forlatar no Are Kalvø skipet til somaren. Denne inneværande sesongen med Hallo i Uken er altså den siste med denne sanningas røvarbande.

Eg vedder det er bokmålsfolk som har lagt press på han...

Løgnarar, politikarar og journalistar frydar seg.

Og resten av oss er urolege for kva som vil følgje... kvar skal vi no vende oss? Kan vi stole på arvakarane?

12 kommentarer:

  1. Ingen fare, min ven! Eg tar saka! EG er arvtakaren! Eg treng bere litt beire humor, litt dårlegare utsjåande samt ein ørliten finpuss på nynorsk-kunnskapane, sant?

    SvarSlett
  2. Utsjånad? Utsjåande? Det er ikkje berre-berre (bere? bare?) dette her, nei!

    SvarSlett
  3. Sjølv om Are Kalvø absolutt er Helten min med stor H, må eg diverre sei at eg knapt har høyrt han i Hallo i Uken. Det er dei skrivne orda hans + levande framføringar i Bergen eg har fått med meg. Men eg tenkjer som så: Når han sluttar med Hallo i Uken, kjem han med andre, gode, krumpspring. Eg gler meg til å sjå kva nynorskingen min finn på!

    SvarSlett
  4. Antidamen: Berre, ja. Og utsjånad. Og eg trur du må jobbe litt med det der, ja ;-P

    Janne: Du har gått glipp av noko. Hallo i Uken er sanning på boks. Punktum.

    SvarSlett
  5. Du når fram, kjære Hastur, han er allerede klar over dette innlegget via twitter

    Dessuten, det er jo ikke over ennå, sesongen er lang. I hvert fall litt lenger. Og etter det kan du mimre over gamle nyheter via podcast?

    SvarSlett
  6. Sjølvsagt er han klar over det. Han er jo ein vis mann ;-)

    SvarSlett
  7. Merkar at eg, av uvisse grunnar, likar faktumet at han ikkje har mobil, men Twitter.

    SvarSlett
  8. Hehe, det er litt sjarmerande ja.

    Eg har enno ikkje skaffa meg Twitter. Vil ikkje overlesse mine fans heller ;-)

    SvarSlett
  9. Sorry å skuffe, ryktene (via twitter, hoho) sier at mannen fikk mobil i høst;)

    SvarSlett
  10. Det er tydlegvis på Twitter ting og tang skjer, forstår eg.

    SvarSlett
  11. No er eg rett nok ikkje spesielt opplyst på området (eg er ikkje ein gong på facebook), men denne Twitter-greia forstår eg lite av. Kva er det? Ein stad som tar i mot tekstmeldingane dine og legg dei ut på nett?

    *riste på hovudet*

    Oppdaga forøvrig at HiU ligg tilgjengeleg som mp3 hos NRK, slik at sløve folk som meg, som sjeldan hugsar på programmet, kan laste det ned. Så kan ein legge det inn på ein mp3-spelar (ikkje iPod!!!) og høyre programmet på bussen, mens ein går over Puddefjordsbrua eller når ein vasker badet. Finfint!

    SvarSlett
  12. Twitter er eit verkty for å hjelpe stalkeren din, og slik gjere kvardagen din mindre angstfull. Du veit han ikkje er i busken, han sitt heime og trykker F5 på Twitter-feeden din ;-D

    SvarSlett